Spørsmål til Grønmo og Reed

Publisert

Viserektorkandidat Kuvvet Atakan seier at “Realfagene skal styrkes” (På høyden 24.02.09). Dette blir konkretisert ved at han vil satse på auka student-rekruttering til desse faga. Ei auka rekruttering til MNT-faga av dyktige studentar vil vere fint, men hjelper neppe særskildt på store etterslep på tungt vitskapleg utstyr og ellers trange budsjett. Til dømes ligg det an til eit underskot på  meir enn 3 mill. for 2009 ved mitt institutt  (Matematisk).             

I spørsmål til prorektorkandidat Ernst Nordtveit, skriv rektor Sigmund Grønmo “at det var nåværende universitetsledelse som tok initiativet til å oppnevne det utvalget (Risautvalget) som i særlig grad har bidratt til å synliggjøre den spesielt vanskelige økonomiske situasjonen ved Det juridiske fakultet?” (På Høyden 12.03.09)

Som kjent konkluderer Risautvalet med store omfordelingar ved Universitet i Bergen, kor medisin og juss blir vinnarar, og Mat-Nat den store taparen (følgjer ein rekneeksempelet til Risautvalet vil Mat-Nat få omlag 50 mill. i reduserte overføringar per år).

Universitetsstyret har tatt innstillinga frå Risautvalet til “orientering”. Når Grønmo likevel trekk fram denne innstillinga slik han gjer, er det grunn til å vere uroa for at Risa-innstillinga  kan bli styrande i neste rektorperiode.
 
Eg ber difor rektorkandidatane klargjere korleis dei ser på Risautvalet si innstilling og korleis dei konkret vil bøte på den svake økonomien innan MNT-faga.
 

Powered by Labrador CMS