Språklege karriereval og bortval

«Karrieresenteret på universitetet oppmodar studentar om å skrive søknad på bokmål – om dei vil ha jobb.»

Slik skriv debattredaktør i BT Hilde Sandvik 28.01.12 mot slutten av det som vart ei av dei heitaste debattvekene på lang tid om sidemål spesielt og nynorsk generelt. Eg anar ikkje om dette er fri fantasi eller sanning, men har valt å tru at «det står i avisa, så det må vera sant». I pressekrinsar skal det visst vera vanleg å «ikkje sjekka kjeldene i otte for å øydeleggja ei god historie». Det kan passa å leva etter desse retningslinene denne gongen, for sant eller usant – Karrieresenteret vårt har fått eit forklaringsbehov i begge tilfella.

Det har falle seg slik gjennom nokre år at eg har hatt kontakt med det som Karrieresenteret tilbyr, og erfaringane er positive. Det har òg falle seg slik at eg i undervisning har gjort tekstanalysar av sjangrane cv, jobbsøknad og rettleiingar til slike saman med studentar. I (tabloid)pressa verserer det fleire døme på slik forbrukarjournalistikk, og eg trur dette er stoff ei fleste studentar opplever som relevant og interessant. Eg har aldri sett at desse forbrukarorienterte tekstane inneheld så mykje som ei linje om at valet av målform skulle vera eit moment å vurdera. Då inneheld dei heldigvis heller ingen råd som ville stri mot UiB sin gjeldande språkpolitiske profil, slik den tydeleg er representert av rektoratet. Strategiske og taktiske råd om å velja vekk nynorsk greier studentane seg utan; eg reknar med at dei heller får med seg nokre ord om kva rolle språkleg identitet, sjølvkjensle og særpreg kan spela i ein jobbsøkjarsituasjon.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen skal med utspelet sitt visstnok uforvarande ha vore årsak til at Noregs Mållag sist veke fekk nokre hundre nye – protestinnmelde – medlemer, dette ifølgje VG. Eg reknar med at Karrieresenteret ikkje ønskjer å provosera på den måten, men dei har iallfall provosert BT.

Powered by Labrador CMS