Instituttleiar ved LLE, Johan Myking, svarar instituttleiar ved UiO, Kristian Emil Kristoffersen, i dette innlegget om språksamlingane.

Språksamlingane: Avstand hemmar, nærleik fremjar

– Universiteta skal framleis forske på norsk språk, seier instituttleiar ved ILN/UiO, Kristian Emil Kristoffersen i PH 14.4.15 som svar på ein kommentar frå meg 10.4. om den siste utviklinga i (den langvarige) saka om språksamlingane. Kommentaren min til PH galdt det offentlege brevet frå leiinga ved UiO om at språksamlingane bør flyttast til Nasjonalbiblioteket (NB). Denne institusjonen ligg under Kulturdepartementet og universiteta ligg under Kunnskapsdepartementet, derfor hevda eg altså at dette er eit opplegg for å flytta forsking frå forskingssektoren over til kultursektoren.  Det er sjølvsagt ikkje vasstette skott mellom desse to departementa og sektorane, og alle er sjølvsagt merksame på den rolla NB har fått tildelt som nasjonalt ansvarleg institusjon for arkiv- og samlingsressursar, også på det språkteknologiske området. Likevel har denne todelte departementstilknytinga vist seg å vera ein politisk floke i diskusjonane om lagnaden for samlingane, og utflyttinga vil etter mitt syn auka avstanden mellom materiale og forsking.

Påstanden om at universiteta “framleis skal forske på norsk språk” er for generell. Ja, sjølvsagt. Men i vide krinsar nasjonalt ser ein at oppegåande og svært vital forsking på spesifikke disiplinar som namnegransking, dialektologi og leksikografi vert vesentleg redusert og oppsplitta dersom språksamlingane vert flytta ut av eit forskingsmiljø: Avstanden mellom materialet og det vitskaplege utviklingsansvaret aukar, og dette er i seg sjølv ein faktor som bremsar forskinga. Omvendt vil tettast mogeleg integrasjon mellom materiale, forvaltingsansvar og vitskapleg utviklingsansvar i seg sjølv vera ein viktig (men sjølvsagt ikkje fullnøyande) faktor i å fremja forsking. Eg underkjenner på ingen måte den sentrale rolla Nasjonalbiblioteket har som knutepunkt for språkleg infrastruktur, men nokre parallellar haltar: Norsk språkbank var i utgangspunktet ingen ferdig utvikla forskingsressurs som så vart deponert, her tok NB eit koordineringsansvar for noko som elles kanskje aldri hadde komme lenger enn til fragmentstadiet, og bra var sjølvsagt det. I LIA-prosjektet er det ikkje snakk om at universiteta deponerer materiale på NBNB digitaliserer materiale frå universitetssamlingane som deretter går tilbake til universiteta for vitskapleg bruk i hendigare form.

Det er ingen grunn til å underslå at det er krevjande for eit universitet å ha ansvaret for aktivitetar som ikkje er berekraftige berre ut frå produksjonen av studie- og publikasjonspoeng. Heller ikkje her ved UiB skal vi slå oss for brystet og hevda at ei overføring av samlingane hit vil vera problemfri. Når vi ved UiB har tilbode oss å overta ansvaret, så er det fordi vi meiner at nærleik mellom samlingar og vitskapleg forsking i seg sjølv er ein faktor som skaper dynamikk og sikrar fagleg utvikling, og vi har eit fagleg grunnlag å byggja på frå før. Men visse grunnleggjande faktorar står fast: Samlingane, medrekna ordboksproduksjonen, er forskingsbaserte aktivitetar, slike aktivitetar kostar pengar og krev ressursar, nokon må til sjuande og sist betala, slik staten har gjort til UiO i fire tiår. 

Powered by Labrador CMS