Språksenter både for stort og smått?

– Vi ønsker å styrke språkvask-tjenestene våre. Det er særlig aktuelt på engelsk, men vi ønsker også å bli bedre brukere av norsk og nynorsk, sier Elvbakken. 

Ja, slik står det i På Høyden i dag, torsdag den 29.04.10. UiB skal få sitt språksenter, og dette må kallast ein gledeleg dag for alle som på ulike vis har vore interesserte i og opptekne av at UiB skulle setja ut i livet den aktive språkpolitikken som kom til uttrykk i strategidokumentet I pose og sekk frå 2007. Det er svært mykje å ta tak i, frå utvikling av parallellspråkleg terminologi til vasking av tekst. Sist torsdag, den 22.04.10, var eg med på å opna den nye terminologitenesta i Språkrådet, og i eit intervju med avisa Universitas seier språkdirektør Sylfest Lomheim klårt og tydeleg at den ballen skal sparkast over til universitets- og høgskulesektoren: ”Det er utdanningsinstitusjonane som har ansvaret for å halde ved like eit norsk fagspråk i sentrale samfunnsfag. Det ser ut til at det er nokre universitet som ikkje har fått med seg at Stortinget faktisk har bestemt det.” Det er òg god grunn til å støtta oppmodinga frå leiar i Studentmållaget i Bergen, Odin Hørthe Omdal, som i det siste nummeret av Studvest ber om ”God språkpolitikk frå dag éin” i den nye samanslegne studentorganiasjonen. Alliansar og initiativ på brei front er tingen, og UiB har saman med NHH det forskingsmiljøet med størst kompetanse på terminologi og fagspråk her i landet. UiB er best i klassen, men har framleis ein del å gå på.

Meeen – så var det dette med dagleglivets trivialitetar, då. Ved juletider tok rektor affære over ein falsk -j- i det offisielle julekortet. Dette var etter mi meining ein bagatell i den store samanhengen og lite å skjemmast over, i alle fall jamført med den falske kategoriseringa av norsk språksituasjon som UiB målber i dagens På Høyden. Dette semesteret har eg på heroisk vis dosert grunnleggjande sosiolingvistikk, og eit femtitals  studentar på emnet NOSP102 har fått høyra at skilnaden mellom ”oss her inne” som kan noko om norsk språk, og ”dei der ute”, som er fåkunnige, det er at me ikkje bommar på slike kategoriar som skilnaden mellom ’bokmål’, ’nynorsk’ og ’norsk’, eller distinksjonen ’målføre’ vs. ’målform’ for den del. Det er mange former for læring, og når eg i morgon går i auditoriet og viser fram På Høyden på lerretet, så reknar eg med at desse 50 studentane aldri seinare i livet bommar på desse grunnleggjande terminologiske nyansane. Og dermed sender me frå oss 50 kompetente norsklærarar, det er då noko.

Eg har forresten ein alternativ og meir rimeleg hypotese: Med ei universitetsleiing som gjennom lang tid har markert sterk språkpolitisk motivasjon, så skuldar me på media. Eg ønskjer derfor redaksjonen i På Høyden hjarteleg velkommen på neste kurs i sosiolingvistikk når dette temaet skal behandlast. Vel å merka dersom det er  plass i auditoriet, for i desse nedskjeringstider har me lojalt rasjonalisert, og søkjartalet er stigande, så den aktuelle timen vert ikkje tilboden før – lat oss seia – i mars 2011. I mellomtida er det vel ganske klårt kven som vil stå som nr. 1 på kundelista til det nye språksenteret.

Powered by Labrador CMS