Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB har laga julekort med ein skrivefeil. Rett nok er det tale om ein av dei mest frekvente feila i nynorsken, nemleg at ein ikkje klarer å skilje mellom verbet å ønskje og substantivet eit ønske. Ved UiB bør ein likevel klare såpass. Når så Helge Dyvik kommenterer julekortfadesen i På Høyden, vil han ikkje rette peikefingeren mot dei tilsette. Han ymtar frampå om at “vi bør kanskje ta diskusjonen” om “målloven og dens anvendelse ved Universitetet i Bergen”. Helge Dyvik tek ikkje sjølv den diskusjonen, men det verkar som om han meiner at ein nynorskfeil på eit julekort skal ha konsekvensar for Mållova og for praktiseringa av henne ved UiB. Hovudregelen ved UiB er minst 30 prosent nynorsk i det skriftlege materialet som vert produsert. Denne regelen er forma av UiB sjølv for å synleggjere UiB som eit nynorskuniversitet. At det så førekjem nynorskfeil i offisielle tekstar, er eit problem som må takast på alvor, på same måte som ein må ta på alvor feil i bokmål og feil i engelsk. Ein måte å gripe fatt i problemet, er å tilby kurs. I ein språkpolitisk rapport for UiB i 2007, “I pose og sekk”, kom det framlegg om å opprette eit kompetansesenter for språklege tenester som kan tilby kurs og språkvask både på norsk og engelsk. Ideen om eit slikt tenestesenter er framleis god, og bør realiserast.