Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Studentopptaket for 2010, som vart gjennomført i juli, har ført til debatt ved UiB. Opptaksrammene for i år vart vedtekne av universitetsstyret i desember 2009, og desse er på same nivå som for 2009. Derimot er tilbodstala kraftig reduserte. HF har i år har 971 plassar som skal fyllast gjennom opptaket. Talet på dei som har fått tilbod om studieplass ved fakultetet er redusert frå 1930 i 2009 til 1620 i år, ein nedgang på heile 16%. I fjor fekk HF 220 fleire studentar enn opptaksramma. I svaret rektor Sigmund Grønmo og viserektor Kuvvet Atakan (På Høyden 23.8.) gir til HF-dekan Gjert Kristoffoffersen (På Høyden 16.8.), peikar dei på at studenttalet ved HF i fjor var for høgt i høve til talet på fullfinansierte studieplassar. Grønmo og Atakan seier vidare at det er avgjerande at opptak av fleire studentar ikkje skjer på kostnad av studiekvaliteten: “Den viktigste forutsetningen for studiekvaliteten ved universitetene er at undervisningen er forskningsbasert, ved at de ansatte sikres tid til forskning. Denne forutsetningen kan ikke oppfylles uten en god balanse mellom studenttalet og antallet finansierte studieplasser.” I eit nytt oppslag i På Høyden (6.9.2010) står det at universitetsleiinga er “godt tilfreds” med studenttalet, medan HF-dekanen “fortviler”. Kapasitet og rekruttering Vi håper universitetsleiinga med rektor i spissen vil ta nedanfrå-perspektivet litt meir inn over seg og også sjå saka frå faga sin synsvinkel. Ser ein det heile ovanfrå, handlar dette spørsmålet mest om samla opptakstal, fullfinansiering, forskingsbasert undervisning og synleggjering vis-à-vis løyvande styresmakter. Alt dette er viktig. Men saka stiller seg litt annleis dersom ein ser det heile frå eit “lite” fag sin synsvinkel. Slike fag er små hjå oss fordi dei har få tilsette og ofte relativt få studentar (t.d. italiensk, fransk, arabisk), men dei same faga er samstundes nøkkelen inn til store og viktige språksamfunn og ein viktig del av breidda ved eit internasjonalt orientert universitet. Desse faga treng rekruttering, og nasjonen Noreg treng folk med kompetanse på desse områda. Gruppa av studentar som søkjer til fleire av framandspråka, er lita. Men sidan fakultetet må halde seg innanfor overordna opptaksrammer, står det likevel kvalifiserte søkjarar på venteliste til fleire av språkfaga ved universitetet. Og bachelorprogrammet Språk og interkulturell kommunikasjon (SPIK) har ei ganske lang venteliste. Dermed får faga svakare rekruttering, og i nokre tilfelle vert studentgruppene så små at det pedagogisk sett er uheldig. Når det er få studentar på lågare grad, vert i neste omgang rekrutteringsgrunnlaget for masterstudiet tilsvarande lite. Produksjonen av studiepoeng vert dessutan låg; dette påverkar den resultatbaserte innteninga, og faga står utsette til i kampen om å få tilsetja i ledige stillingar. Vi seier sjølvsagt ikkje at denne negative spiralen først og fremst skuldast reduksjonen i overbooking av studieplassar. Men vi ser klart at denne politikken frå UiB si side kan forsterka desse problema for dei “små” faga. Det var neppe meininga? Breidde og kvalitet
Argumenta til universitetsleiinga kan verke overtydande ved første augnekast. Men reduksjonen i overbookinga ser denne gongen faktisk ut til å gje HF eit lågare studenttal enn den oppsette kvoten. Og ser ein nærmare på fagstrukturen ved fakultetet (mange små fag, fagleg breidd) og korleis studentane fordeler seg på faga våre, vil ein fort innsjå at den kraftige reduksjonen i tilbodstalet er ein farleg veg å slå inn på. Ved vårt eige institutt, Institutt for framandspråk, burde fleire av faga og programma fått ta imot fleire kvalifiserte søkjarar som står på venteliste. Store fag, som t.d. engelsk, vert truleg ikkje så hardt råka. Derimot stiller det seg annleis for fleire andre fag, som slit med rekrutteringa, og som har kapasitet til å ta imot fleire studentar.
Det er såleis grunn til å tru at dei såkalla småfaga (som det er mange av ved HF) vil verte taparen i dette spelet. Vi deler Kristoffersen si frykt for at dette vil gjere fakultetet sin økonomiske situasjon endå vanskelegare. Vi fryktar òg at dette ikkje berre vil gå ut over økonomien, men i neste omgang vere ein reell trugsel mot den faglege breidda ved HF. Vi deler rektor Grønmos glede over at UiB stadig klatrar oppover på QS World University Rankings, frå 320. til 133. plass på fem år. I bt.no, publisert 8.9.2010, har rektor m.a. følgjande kommentar til framgangen: “UiB utmerker seg særlig innenfor samfunnsvitenskap og humaniora, ifølge den internasjonale undersøkelsen.” Her vil vi meine at den faglege breidda i humaniora er eit viktig kvalitetskjenneteikn ved eit internasjonalt orientert universitet.