Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
På Høyden har ein artikkel (24.2) som konkluderer med at «studiesentra er ikkje veldig mykje brukt».
Sett frå Institutt for framandspråk (IF) ser dette annleis ut. Vi sender kvart år mange språkstudentar til studiesentera i Caen, Kiel, St. Petersburg og York. Opphalda er viktige for studentane våre. I tillegg til intensiv, praktisk språktrening, får studentane eit innblikk i kultur og samfunn som dei ikkje kunne fått om dei heldt seg her heime. Studiesentera styrkjer såleis den faglege kvaliteten i studia. Dessutan er dei eit fortrinn i kampen om å rekruttera studentar til språkfaga. I ein situasjon der altfor få vel språkstudium, er det viktig at vi gjer oss lekre gjennom eit godt og spennande tilbod. Her kan opphalda ved studiesentera vera akkurat det vesle ekstra som skal til. Og kursopphalda kan gje ein smakebit på seinare og meir langvarige studieopphald.
Så ein liten kommentar til statistikken. På Høyden skriv at «færre engelskstudentar enn før søkjer seg til eit tovekers kurs i York». Ser ein på femårs-statistikken IF har sendt inn saman med høyringsfråsegna i denne saka, sende engelskfaget ved UiB kvart av åra 2010-2012 mellom 21 og 25 studentar. Deretter auka studenttalet på York-kurset kraftig til 42 i 2013 og 48 i 2014. Så har talet i år igjen falle ned på eit mellomnivå, dvs. 33 studentar, men det fell saman med at fakultetet i år har kutta den økonomiske støtta til enkeltstudentane som reiser til York. Sannsynlegvis forklarar dette at studenttalet ikkje er fullt så høgt i år som dei siste par åra.
For eit internasjonalt orientert universitet er kontakten med studiesentera gull verd.