Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Under valmøtet SKOK skipa til i samband med rektorvalet i ”Egget” fredag 27.03.09, bad Sigmund Grønmo underteikna kommentere at Fakultetsstyret ved Det juridiske fakultet har vedteke at ein ikkje vil søkja om å få gå over til tilsett dekan nå. Sidan måten dette spørsmålet er handtert på JUS viser noko om korleis det rektorlaget eg er med i, vil handtera spørsmålet om styringsform også på universitetsplan og dette har vore eit spørsmål mange har stilt i rektorvalkampen vil eg gjera greie for dette her. Styret for Det juridiske fakultet vedtok i møte 27.01.09 ein høyringsuttale om styringsformer på fakultetsnivå, der ein gjekk inn for at det vart opna for tilsett dekan. Spørsmål i januarmøtet var kva for ordning ein prinsipielt ser som den beste. Vedtaket som vart gjort 17.03.09, etter framlegg eg la fram i møtet, er at ein likevel ikkje vil søkja om å få innføra tilsett dekan ved Det juridiske fakultet nå. Vedtaket vart gjort samrøystes. Styremedlemene hadde nok ulik grunngjeving for sitt standpunkt. Det mindretalet som i februar røysta mot tilsett dekan, var sjølvsagt også mot at det skulle søkjast om ei slik ordning nå. Eg gjekk inn for vedtaket fordi det nå ville vera for lite tid til å gjennomføra ein forsvarleg prosess som kan føra fram til eit vedtak om tilsett dekan ved Det juridiske fakultet. Det var også den argumentasjonen som vart nytta av dei andre som røysta for uttalen om tilsett dekan. Det er for det første uklart korleis den nærare ordninga med tilsett dekan blir. For dei fleste som er for tilsett dekan, er det eit vilkår at det blir ein tilsetjingsprosess som gjev fagmiljøet og fakultetet tilstrekkeleg innverknad. Det er også spørsmål om kva mandat dekanen skal ha, kva mandat fakultetsstyret skal ha og korleis samansetjinga av styret skal vera. Eit utkast til reglement for dette er nett sendt ut på høyring og Universitetsstyret skal ta stilling til dette i slutten av april. Fram til då vil ein ikkje vera sikker på kva ordninga med tilsett dekan vil gå ut på, og heller ikkje om ein søknad om tilsett dekan ville blitt innvilga. Det er også mange ved fakultetet som i ulik grad er motstandarar av tilsett dekan. Vi kunne ikkje gjera ei så omfattande endring av styringsordninga utan ein grundig diskusjon, der alle syn kjem fram, og utan at det er god oppslutning om ei så viktig endring. Med den handsaminga universitetsleiinga har lagt opp til i denne saka, ved å venta så lenge med å ta den opp, har ein gjort det svært vanskeleg å gjennomføra den prosessen vi ville trengja ved Det juridiske fakultet. Ved MN og MOF har dei hatt noko meir omfattande prosessar på dette tidlegare og står såleis kanskje i ein annan situasjon. I denne situasjonen såg eg det som klart at vi ved Det juridiske fakultet ikkje hadde kome så langt i prosessen at vi kunne gjennomføra ei slik endring innanfor den korte tidsramma. Eg vil ikkje medverka til eit vedtak der det nærare innhaldet på eit seinare tidspunkt skal fastsetjast av andre, og å skapa intern splitting og uro som ville vera skadeleg for fakultetet. Vi vil nå arbeida med å medverka til ei best mogeleg styringsordning basert på valt dekan, gjennom høyringsuttalen og gjennom vidare utvikling av det faglege og administrative styringssystemet ved fakultetet, slik vi har gjort før. Tilsvarande syn har eg og det rektorlaget eg er ein del av, på spørsmålet om styring på universitetsnivå. Rektorkandidat Rolf Reed har gong på gong i valkampen gjenteke at spørsmålet om valt eller tilsett rektor ikkje skal få splitta universitetet. Det er ut frå den grunnhaldninga at omsynet til universitetet si framtid som breiddeuniversitet og grunnforskingsuniversitet er det sentrale, og at standpunktet i alle saker må underordnast det. Vi må ha gode styringssystem, men vi må framfor alt unngå ei øydeleggjande polarisering og splitting av UiB. Difor vil vi fylgja opp Universitetsstyret sitt vedtak om at det skal skje ei gjennomgang av styrings- og leiingsformer med ein open diskusjon, utan at vi på førehand har bunde oss til at gjennomgangen skal føra fram til eit bestemt resultat, slik Sigmund Grønmo og hans team har uttalt at dei har gjort. Vi ser ærleg tala ikkje poenget med ein diskusjon dersom konklusjonen er trekt på førehand. Det er uttrykk for manglande respekt for universitetsstyret sitt vedtak dersom leiinga alt nå uttalar at resultatet av den prosessen styret har vedteke at det ynskjer, er gjeven på førehand. Vårt standpunkt til spørsmålet om valt eller tilsett rektor vil avhenga av dei argumenta som kjem fram i debatten, kva alternativ som til slutt ligg føre og kva oppslutning ulike alternativ får i organisasjonen. Omsynet til å unngå vidare splitting av universitetet vil vega tungt. Vi kan heller ikkje sjå bort frå at Stortinget i løpet av neste periode kan koma til å gjera vedtak som påverkar denne diskusjonen.