Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dekanvalet på HF står mellom to lag. Eit viktig punkt som skil dei to laga, er at vi ønskjer å styrkje den faglege leiinga ved HF. På mange måtar er dette essensen i programmet vårt. I utgangspunktet er det viktig å hugse at fakultetet si styringsform ikkje er eit opplyst einevelde utøvd av dekanatet. Fakultetet er demokratisk styrt, med eit valt fakultetsstyre som øvste organ. Det er her ein fattar dei viktige vedtaka. I fakultetsstyret har dekanen berre ei av elleve røyster. Det dekanen og dei andre medlemene av dekanatet måtte tenkje, høgt eller for seg sjølv, må derfor ikkje forvekslast med vedtak. Høgttenking, også av det provoserande slaget, er ein del av dekanatet si leiarrolle. Målet med slik høgttenking er sjølvsagt ikkje at fakultetsstyret skal seie ja og amen, men at den utløyser diskusjonar som kan gjera sitt til at det blir fatta best mulige vedtak. Det får vi ikkje til utan evne til å tenkje nytt. Eit døme: I forskingsstrategien for HF som vart vedteken i fakultetsstyremøte 31. mars, heiter det at ”Det humanistiske fakultet har som mål å være i forskningsfronten innen de fagfelt det dekker og være blant de beste humanistiske fakulteter”. Vi har ikkje spesielt gode målereiskapar for å sjekke kvar vi er i høve til dette målet. Men vi når det uansett ikkje berre ved å skrive det inn i eit strategidokument. Det trengst konkrete og gjennomførbare planar bygd på klåre prioriteringar dersom ein slik formulering skal bli noko meir enn ein festtale. Anten vi måler oss i høve til oss sjølve eller til andre, må vi difor heile tida vere viljuge å vurdere og forbetre måten vi organiserer ikkje berre forskinga, men alle sider ved fakultetet si verksemd på. Skal vi få i gang slike prosessar, må i alle fall dekanatet våge å stille spørsmål, også av den typen nokre kanskje ikkje er så glade for å få. Like vesentleg er det at dekanatet lytter til og vurderer seriøst andre sine meiningar om spørsmål som vert reiste. Dette er ein viktig del av det vi meiner med styrkt fagleg leiing. Med dette innlegget avsluttar vi valkampen for vår del, og ønskjer alle studentar og tilsette ved HF eit godt og framtidsretta val.