Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
STIP-HF, PhD-utvalet ved Det humanistiske fakultetet, stiller i eit innlegg i På Høyden den 27. april i år fem spørsmål til dei to dekanteama som stiller til val våren 2009. Her er våre svar: 1. “Hva er deres syn på hvordan forholdet mellom progresjon og kvalitet i forskerutdanningen ved HF bør være, og hva bør gripes fatt i først for at forskerutdanningen skal bli bedre?” Forskarutdanninga ved norske universitet er endra i høve til tidlegare. No er doktorgradsutdanninga lagt inn som eit avsluttande stadium i den akademiske utdanningsstrukturen som den såkalte tredje syklus. Dette vert det no arbeidd med på sentralt hald ved UiB i samband med handlingsplanen for forskarutdanning, og det vil snart koma nærare utgreiing til fakulteta om dette. Omlegginga av forskarutdanninga har medført at tida som skal nyttast til doktorgradsarbeidet er tilmålt med ei avgrensa tid på til saman tre år, noko som har resultert i mindre omfattande avhandlingar enn tidlegare. Utfordinga vår i denne samanhengen er å tilpassa avhandlingane med omsyn til tid og omfang slik at det ikkje går ut over kvaliteten. utforma eit doktorgradsprosjekt med mindre krevjande omfang med omsyn til datamengde og problemstilling, og samtidig halda oppe den tradisjonelle humaniorakvaliteten, er hovudutfordringa. Det viktigaste er at vi held oppe det humanistiske refleksjonsnivået knytt til problemstilling, teorigrunnlag, metodeval, datakvalitet og analyse – og at vi lar den vitskapteoretiske opplæringa ha ein god balanse mellom ei allmennfagleg og fagspesifikk tilnærming. HF har i denne samanhengen m.a. prioritert forkarutdanninga ved å styrkja forskarskulane, etablera forskingsgrupper og styrkja rettleiinga. Fakultetet har akkurat arrangert ein rettleiingskonferanse med tverrfagleg og internasjonal deltaking. 2. “Hva tenker dere om dette misforholdet [mellom talet på stipendiatar som ønskjer ein akademisk karriere og talet på vitskaplege stillingar], og hva har dere tenkt å prøve å få gjort noe med det?” Noreg har i fleire år uteksaminert mange færre doktorgradskandidatar, då særleg innom humaniora, enn t.d. grannelanda Sverige og Danmark. Regjeringa har no sett som eit mål at også Noreg skal auka talet på doktorgradskandidatar slik at vi kjem på line med nabolanda vore. Også postdoktorstillingane må aukast, noko HF i Bergen har jobba med i nasjonal, institusjonell og fakultær samanheng i fleire år. Filosofien er at det moderne samfunnet er så spesialisert og komplekst at ein treng den kunnskapen, erfaringa og innsikta som eit doktorgradsarbeid fører med seg, og difor må kandidatar med doktorgrad og postdoktorkompetanse også inn i private og offentlege sektorar utanfor Akedemia, instituttsektoren og høgskulane. Mistilhøvet vil såleis berre auka på etter som åra går og det er tilsikta: Det er ikkje berre innom Akademia at det hovudsakleg skal finnast personar med doktrograd lenger. Det er ikkje lenger intensjonen at alle med doktorgrad skal tilsetjast i stillingar i Akademia. HF si oppgåve i åra framover er å gjera samfunnet merksam på den kunnskapen, erfaringa og innsikta – kort sagt kompetansen – som våre doktorgradskandidatar har. 3. “Er dere enig med oss i at det her trengs en endring [organisering av pliktarbeidet], og hva kan dere i så fall tenke dere å gjøre med det?” I dag finst det felles retningsliner for pliktarbeidet ved HF, men av di institutta har ulike behov og doktorgradskandidatane ulik kompetanse, er det institutta si oppgåve å implementera retningslinene i dei lokale miljøa. Dersom det finst ulik praksis for gjennomføring av pliktarbeidet ved institutta, er det uheldig, og vi vil i så fall arbeida for at det vert større likskap og felles praksis. 4. “Hva tenker dere om dette [søknader om reisestøtte vs disponible reisemidlar]?” Målet er at alle stipendiatane skal kunne realiserera reiseplanane sine i løpet av stipendiatperioden. I tider med auke i talet på stipendiatar og færre frie disponible midlar, må ein gjera val for å få dette til. Forskarutdanninga er eit prioritert område ved UiB, og HF har styrkt dette arbeidet dei siste semestera. Som ein del av denne satsinga vil vi også arbeida for at alle stipendiatane får høve til å gjennomføra utanlandsreisene sine. For å løysa akutte problem kan vi prøva å få til rimelegare reiser og opphald ved utreise. Andre tilråder er å prioritera stipendiatreiser på kostnad av andre oppgåver. Dessutan må vi arbeida for å få tilført fleire midlar utanfrå, og hjelpa til med at det vert søkt eksterne kjelder om reisemidlar. Å skaffa reisemidlar til stipendiatane er ei prioritert oppgåve som vi vil arbeida vidare med. 5. “Er dette [retningsliner for artikkelbasert avhandling ved HF] noe som dere ønsker å prøve å få gjort noe med dersom dere blir valgt?”. Det er allereie i gang arbeid med artkkelbasert avhandling ved HF. Ved UiB finst det eitt felles ph.d.-reglement som gjev høve til å disputera på artikkelbasert avhandling. Ved fleire av dei andre fakulteta har dette vore tradisjon i lang tid, og ved det medisinske og det naturvitskaplege fakultetet er artikkelbasert avhandling dominerande. Andre fakultet kunne difor raskt laga utfyllande reglar for artikkelbaserte avhandlingar ved å byggja på den lange avhandlingstradisjonenen dei har. Ved HF har monografien stort sett vore einerådande. Berre ei lita handfull personar har disputert på artikkelbaserte avhandlingar dei siste 20 åra. Fleire erfarne fagfolk ved HF-fakultetet har framheva at artikkelbasert avhandling ikkje berre bryt med den humanistiske tradisjonen, men at den nye avhandlingsforma også vil svekka denne tradisjonen. Fakultetet vårt har difor tatt opp saka i Det nasjonale fakultetsmøtet for historisk-filosofiske fag. Det nasjonale fakultetsmøtet stilte seg postivt til denne avhandlingsforma og ville ha mest mogeleg fleksisble retningliner for avhandlinga. No viser det seg at interessa hjå stipendiatane for artikkelbasert avhandling ved fakultetet vårt er aukande, og det er allereie dei som er i ferd med å skriva slike avhandlingar. Saka har m.a. vore oppe i fakultetstyret og den er drøfta med instituttleiarane. Fakultetet har no sett ned ei hurtigarbeidande gruppe som skal levera framlegg til utfyllande reglar i løpet av vårsemesteret. Framlegget går så ut på høyring på institutta, før saka vert tatt opp i fakultetsstyret så snart det let seg gjera.