Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Om ressursfordeling og ”kjøp av stemmer”. Svar til rektor Sigmund Grønmo og Jan Heiret. På bakgrunn av ein intern e-post ein av dei tilsette på Juridisk fakultet har sendt sine kollegaer, går rektor Sigmund Grønmo og ein av hans støttespelarar Jan Heiret, sterkt ut i På Høyden torsdag. Heiret forestiller seg at det er inngått hemmelege avtaler og dreg fantasifulle slutningar av det, hinsides all røyndom, medan rektor stiller meg ein del spørsmål knytt til finansieringa av Det juridiske fakultet. Eg vil her nøya meg med å kommentera det siste. Eg vil likevel først understreka at eg ikkje har skrive nokon e-post, og ikkje har sett eller godkjent den før den gjekk ut. Eg antar at valkampen er tent med at kandidatane blir vurderte på grunnlag av det dei sjølv seier i sine program og valkampinnlegg. Det blir tungvindt og uryddig om vi skal driva å gjera kvarandre ansvarlege for kva andre måtte skriva av innlegg og e-postar. Det er i e-posten vist til ein samtale med meg. Kor presist eg har uttrykt meg i denne samtalen og kva ord som konkret vart brukt kan det vera vanskeleg å rekonstruera nå, så difor vil eg her gjera greie for kva eg meiner og kva som er situasjonen. Eg har nok gjeve uttrykk for at eg oppfatta situasjonen slik at det rektorteamet eg er ein del av vil gje minst like mykje til Det jurdiske fakultet som Grønmo sitt team. Grønmo har som kjent lova ressursar til jus. Sist og mest vidtgåande skjedde det på møtet i Studentparlamentet den 10. mars. Eg har i samtalar med dei som skal inn i rektoratet dersom vi vinn valet, prøvt å forsikra meg om at dei har den oppfatning at jus er underfinansiert og treng styrking. Eg kunne ikkje lett gå inn i eit rektorat som ville ha den oppfatninga at jus ikkje treng oppfinansiering, og ville gje mindre til jus enn Grønmo har lova. Eg er komfortabel med dei diskusjonane vi har hatt om dette, men det er ikkje inngått nokon hemmelege avtaler om massiv oppfinansiering av jus til fortrengsel for andre fakultet. Vår strategi er knallhardt fokus på å skaffa meir ressursar til fordeling for å betra ressursituasjonen ved UiB generelt. Dette har eg formidla til Marthinussen i samband med eit seminar vi var på i slutten av februar. Eg viser til hans framstilling av dette i innlegg til På Høyden torsdag og intervju fredag. Grunnlaget for oppfatninga av at jus er underfinansiert er dei sentrale utgreiinga som har vore gjort av ressursfordelinga på UiB gjennom Reed-utvalet i 2000 og Risa-utvalet i 2008. Som den einaste ved UiB var eg medlem av begge utvala, og er gjennom det godt kjent også med ressurssituasjonen ved andre fakultet. Begge utvala konkluderte med at jus er underfinansiert. I tillegg har NOKUT-evalueringa av jus i 2007 konkludert med at jus manglar ressursar til ei forsvarleg gjennomføring av masterstudiet. Dette har vore ein sentral del av grunnlaget for det arbeidet vi har gjort ved fakultetet, saman med mellom anna leiinga ved UiB, for styrking av jus, både ved å argumentera for ekstraordinære løyvinga til jus og for at UiB må finna rom for å styrka jus. Eg har, som Grønmo utmerka veit, gjeve uttrykk for at jus for 2009 er tilgodesett på ein måte som er akseptabel innanfor dei rammene UiB har, men at det trengst vidare oppbygging. Det har også Grønmo vore samd i og som sagt gjeve lovnad om i valkampen. Eg var nok ikkje like nøgd med budsjetttildelinga i 2007 og heller ikkje for 2008. Rett nok fekk vi då løyve til å nytta stipendiatmidlar til drift. Dette innebar inga styrking av jus, men kan samanliknast med ein rett til å eta av såkornet for å løysa ein kritisk situasjon. Dette vil få verknad frå 2010 – 2011 når ein kan la vera i tilsetja stipendiater etter kvart som dei som er i stillingane i dag blir ferdige. Det har lite for seg å samanlikna dagens rektorat med tidlegare rektorat når det gjeld løyvingar til jus. Situasjonen er ein heilt annan i dag etter innføringa av kvalitetsreforma og med dei mulighetene for å rekruttera som ligg føre i dag. Alt eg kan seia er at også Koch Christensen var klar over situasjonen på jus og det skjedde ei oppbygging etter kvart som vi fekk utdanna kvalfiserte søkjarar til stillingane. Særleg i samband med kvalitetsreforma i 2003 – 2004 fekk fakultetet ei vesentleg oppjustering av budsjettet. Grønmo har også hatt god forståing for situasjonen på jus og at han er innstilt på å gjera noko med den. Innlegget hans ber også preg av ein balansegang mellom å antyda at eg vil gå for langt i å gje pengar til jus og at han på den andre sida vil ha fram at han også vil gje ressursar til jus. Eg og Grønmo er også samde i at det trengst større rammer til UiB for at UiB skal kunne løysa utfordringane på jus og på andre fakultet som også har ressursmangel. Eg støtta Grønmo sitt kandidatur til rektorvalet i 2005. Grunnen til at eg denne gongen støttar eit anna rektoralternativ og også har gått inn som kandidat til verv, er at eg har større tillit til den strategien som dette rektoralternativet stiller opp for å skaffa denne ressursveksten. Det er Universitetet i Bergen som treng styrking for at vi skal kunne møta forskingsutfordringane og gje forsvarleg utdanning på alle område av UiB si verksemd. Det vert ikkje meir ressursar verken til realfag, humaniora eller samfunnsvitskap utan at vi klarer å bryta den forvitringsbanen som UiB er inne på og skaffa større ressursar. Eg viser om dette til eit anna innlegg som eg også publiserer i dag. Grønmo har i sitt program og i valkampen elles lova meir pengar til naturvitskap, humaniora, samfunnsvitskap og altså jus. I tillegg vil han foreta store investeringar i Museet, både ved restaurering av bygningane på Museplass og flytting av deler av museet til Marineholmen. Eg har ikkje falle på tanken at dette er for å ”kjøpa stemmer” slik Heiret på beste Framstegspartivis meiner at Reed gjer. Eg er fullt på det reine med det totalansvaret eg som eventuell prorektor vil ha for heile universitetet si verksemd. Det er ikkje situasjonen på jus som først og fremst er min motivasjon for å stilla som prorektorkandidat, men eit sterkt ynskje om å kunne medverka til ei vidare utvikling og styrking av UiB som institusjon. Den utolmodighet og misnøye som er på mitt fakultet med ressurssituasjonen og det forventningspresset eg vil ha frå eige fakultet om ei betring, vil vera ein sterk motivasjon for å arbeida for at UiB får nok ressursar til at vi kan ha noko å fordela til alle fagmiljøa. Så vil det vera ei oppgåve vidare å analysera ressursbruk og ressursbehov med sikte på ei rimeleg og målretta fordeling av ressursane i høve til dei oppgåvene dei ulike fakulteta har.