Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Gunnar Clausen synest det er leit at ein så sindig kar som meg forfell til falsk argumentasjon. Sindighet ser eg som ein god eigenskap som også Clausen skulle nytta seg av. Eg påpeika det poenget at Universitetsstyret har gjort vedtak om at ein ynskjer ein brei og eg antar fordomsfri diskusjon av styringsformer neste periode. Det er rektor og universitetsdirektør som vil ha ansvar for å få gjennomført denne diskusjonen på UiB og etter kvart leggja fram ei sak om dette til styret. Eg fastheld at det då er uheldig om rektor framstår for sterkt som forkjempar for eit syn, og ei oppfatning om at andre syn ikkje er legitime. Det er vanskeleg å unngå at det vil kunne få nokon av dei som har eit anna syn til å avstå frå diskusjonen. Universitetsleiinga vil ha ansvar for å fylgja opp styret sitt vedtak ved å leggja opp til ein fri diskusjon der alle syn og alle argument kjem fram og dra ein konklusjon ut frå det som tener institusjonen og samsvarer med resultatet av diskusjonen. Vi har eit noko anna utgangspunkt enn Grønmo, men vi har gjort det klart at det er diskusjonen på institusjonen og det synet som kjem fram gjennom den, som vil bli avgjerande, og at vi vil leggja vekt på å samla institusjonen. Det skal vi kunne klara ved ein open diskusjon, ved å lytta - og ved å utvisa sindighet.