Svar til universitetsdirektøren

Publisert

Hovudpunktet i vårt opne brev til universitetsstyret var kravet om å få klarlagt at det ikkje hefta noko misleg ved den tidlegare universitetsdirektørens avgang. Vi konstaterer med glede at universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken i brev til På Høyden 23.01. og i intervju same stad gir slik avklaring. Vi går ut frå at dette også uttrykkjer synspunktet til eit samla universitetsstyre. Vi ser likeins at universitetsdirektøren anerkjenner det arbeidet Kåre Rommetveit har gjort for Universitetet i Bergen. Det ho skriv om dette, samsvarer med dei vurderingane styremedlem Dag Aksnes har gitt uttrykk for i sitt innlegg (På Høyden 21.01.). Også dette går vi ut frå dekkjer oppfatningane i eit samla styre.

Diskusjonen omkring dokumentinnsyn og offentleggjering ligg på sida av det punktet vi har tatt opp. Vi forstår godt at prosessane før ei sak blir lagt fram for besluttande organ, ofte skal og må førast i avgrensa fora. Spørsmålet om innsyn og open informasjon stiller seg annleis når ei sak blir lagt fram til avgjerd. Grunngiving for ein konklusjon kan for eksempel vere knytta opp til strategi, forvaltning og fordeling av ressursar. Dette er spørsmål som i høgste grad vedkjem universitetssamfunnet.

Universitetsdirektør Elvbakken skriv: ”Sist høst informerte jeg universitetsstyret om at jeg vurderte å foreslå for universitetsstyret at den stillingen Rommetveit fikk i 2006 blir avviklet.” Sidan Rommetveits arbeid er knytta til fondsforvaltning, går vi ut frå at ei slik avvikling heng saman med planar om ei omlegging av fondsforvaltninga ved universitetet, slik det blant anna er antyda i ei sak i BT 14.01. Ei slik omlegging angår i høgste grad forskarane ved dette universitetet. Vi meiner det er uryddig at ei sak som kan ha stor interesse for universitetssamfunnet, blir gjort til del av ei personalsak og stengd for innsyn og diskusjon. Slik saka er blitt presentert i media (BT 14.01. og På Høyden 23.01.), rår det uvisse om det er planane om avvikling av ei unødvendig stilling som fører til personalsaka, eller om det er personalmessige forhold som fører til behovet for avvikling.

Uroa kring Kåre Rommetveits arbeidsforhold har eksistert i fleire år og har skada omdømmet og tilliten til Universitetet i Bergen. Det er alvorleg, når vi tenkjer på at mogleg finansiering av prosjekt frå for eksempel industri og sektordepartement og samarbeid om utføring av større prosjekt er sensitive for tillitsforhold og omdømme. Vi oppmodar styret til snarast mogleg å legge opp ein strategi for å styrke universitetets omdømme som ein godt organisert og veldriven institusjon med offensive planar for innovasjon og med ein framtidsretta forskningsstrategi.

Magne Espedal
Atle Kittang

Powered by Labrador CMS