Tankar etter j-kortet

Publisert

Takk til universitetet som har laga julekort og utstyrt det med nynorsk (og engelsk) tekst. Sjølv om det sneik seg inn ein j for mykje, synest eg det er størst grunn til å rosa den gode viljen som ligg bak å nytta det – ikkje nett overforbrukte – nynorske skriftspråket.

Men så var det dette med j-en. Ein liten og forståeleg feil, men samstundes kanskje eit symptom på at UiB har ein veg å gå for å sikra den språklege standarden i offisielle dokument. Både eg sjølv og dei fleste andre kjem rett som det er i skade for å kløna ting til med ein språkfeil eller to. Vi sluttar heldigvis ikkje å skriva av den grunn.

Men når det gjeld offisielle dokument som t.d. studieplanar, utlysingstekstar og brosjyrar, bør universitetet sikra ein høg standard både gjennom skikkelege rutinar og god internopplæring. Dette gjeld bruken av både engelsk og norsk. Akkurat no passar det å slå eit slag for internopplæringa av oss som arbeider i administrasjonen. UiB har massevis av flinke og lærelystne folk. Kvifor ikkje tilby oss ein skikkeleg opplæringspakke, t.d. femten studiepoeng i Nynorsk for administrativt tilsette?   

Kjære UiB, legg eit lite nynorskkurs under juletreet.

Powered by Labrador CMS