Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I ein kronikk i BT 16.09 tek Randi Gressgård og Tor Halvorsen opp eit tema som ein må ta stilling til i norsk forskingspolitikk: Eliteforsking som produserer kunnskap for samfunnet, eller breidde forsking som produserer kunnskap i samfunnet. Ved sida av å vera presserande, er tema stort og komplisert. Det følgjande må difor lesast som eit innspel frå ein rettshistorikar til den debatten som Forum for vitenskap og demokrati legg opp til, og ikkje som nokon utfyllande kommentar. Lat meg byrja ei personleg forteljing som var avgjerande for mi forståing av det tema Gressgård og Halvorsen tek opp. Då eg var på Max-Planck-instituttet for europeisk rettshistoriske i Frankfurt i 2002, inviterte direktør Frau Direktorinn Professor Dr. Marie Theres Fögen meg inn på kontoret til ein samtale. Tidleg i samtalen spurte Frau Fögen meg korleis det stod til med rettshistorieforskinga i Noreg. Eg misforstod spørsmålet og byrja noko orsakande å fortelja at det nok bare fanst ein professor og ein PhD-stipendiat i faget i heile landet. Frau Fögen avbraut meg bryskt og sa: ”Ha! Kor mange stipendiatar trur du det finst i rettshistorie i Tyskland? Kanskje 1000, kva veit vel eg. Men treng eg dei?”, spurde ho retorisk, og svara sjølv: ”Nei! Eg treng tre, bare tre stipendiatar som er kreative, tenkjer originalt og ikkje skriv det rettleiaren dikterer. Det er alt eg treng”. Det var som eg høyrde Mefistofeles i diktverket Faust av Goethe: Til Helvete med alt det lærde! Max-Planck-instituttet i Frankfurt er rettshistorieforskinga sin høgborg i verda, og har det største biblioteket og kremen av forskarar. Det er med andre ord ein alt eksisterande og veletablert eliteforskingsinstitusjon. Ikkje minst ser ein det av at på Max-Planck-instituttet i Frankfurt er kunnskapen institusjonalisert. Her finst det alltid ein forskar, fast tilsett eller bare gjesteforskar, som arbeider med tilstøytande problemstillingar. Her er ikkje nokon førespurnad ny for bibliotekarane, og her finst nesten all rettshistorisk litteratur på alle verda sine språk i biblioteket. Det gjer at kvaliteten på forskinga vert klart prega av institusjonen ved sida av personane som utfører den, slik at sjølv om forskarar kjem og går så held kvaliteten på forskinga seg jamt høg. Likevel er eg ikkje så ofte på Max-Planck-instituttet i Frankfurt. Årsaka er at eg finn forskinga her overmåte lærd, men utruleg keisam. For dei same institusjonelle strukturane som kan verka støttande for forskaren kan òg verka hemmande for kreativiteten. Nye tankar vert enten dissekert og lagt til, eller støytt bort av etablerte sanningar. Under eit kvart omstende står den som har tenkt tankane tilbake åleine med ei kjensle av å ha vorte fråteken sitt tankegods. Kva skal ein då med alt det lærd, slik Frau Fögen, som direktør for ein slik institusjon, sjølv peika på? Frau Fögen ønskte ikkje hordar av forskarar prega av dei same tankar, men nokre få som gjekk sine eigne vegar. Det har ein godt høve til innanfor den eksisterande norske universitetsstrukturen. Innan rettshistorie er vi så få at vi alle får plass i ein einaste drosje når vi skal på konferanse. Og ein treng ikkje mange Billy-bokhyller for å få plass til alt som er skrive i faget i Noreg dei siste 200 åra. Det finst dermed ingen tvingande kunnskapstradisjon. Og når ein som rettshistorikar skal diskutera forskingstema og –problem må ein venda seg til juridiske forskarar som arbeider med andre fagområde, til forskarar innan andre vitskapar, eller ein må venda seg til rettshistorikarar i andre land. Under eit kvart omstende må ein venda seg til nokon som ikkje har direkte kunnskap om det ein forskar på, og dermed heller ikkje vil freista å tvinga ein inn i ein særleg tradisjon. Slik er ein frigjort frå det Helvete som Frau Fögen meinte fanst i Tyskland, ved at ein har rom til å vera kreativ og original i si rettshistoriske forsking i Noreg. Det som er sagt om rettshistorie gjeld absolutt alle juridiske fag, og det gjeld truleg mange forskingsområde på norske universitet. Dermed skulle alt vera såre vel: dei kan ha sine eliteinstitusjonar i utlandet for vi er så kreative i vår einsemd her i Noreg! Og etter ein slik analyse av situasjonen burde eg ha teke eit steg mot å kvalifisera meg sjølv til å stilla som rektorkandidat i eit komande val. Diverre er det ikkje så enkelt, og årsaka til det er todelt. For det fyrste er min fridom som norsk rettshistorikar avhengig av at det finst eit Max-Planck-instituttet for europeisk rettshistorie i Frankfurt. Der kan eg venda meg når eg ønskjer å vita kva forsking som er gjort på eit tema tidlegare, eller kva forskarar i Europa som arbeider med tilstøytande tema i dag. Og her kan eg finna eit publikum som er kunnskapskonservativt og meir enn villig til å yta nye tankar den motstand dei må ha for å kunna foredlast til verdfulle forskingsresultat. Med andre ord må ein ha slike institusjonar ikkje bare fordi dei sjølve produserer kunnskap, men fordi dei fungerer som eit enzym i kunnskapsproduksjon utanfor eigne institusjonsveggar. Difor må ein i Noreg etterstreva å etabler slike så sant det finst store nok miljø til å fylla dei med forskarar, slik ein til dømes har gjort med etableringa av Senter for framifrå forsking. For det andre er det eit problem at ein ikkje nyttar føremonene med å forska utanfor eliteinstitusjonar medvite. Kreativitetsnivået på norske universitetet er diverre ikkje overmåte høgt. I staden vil eg tru at det ligg ganske nøyaktig parallelt med ambisjonsnivået, som heller ikkje er plagsamt høgt. Når norske forskarar snakkar om forsking er det stort sett mangel på pengar som er tema, og ikkje visjonar om å setja forskingsmessig agenda internasjonalt. Når det gjeld rettsvitskap så kan eg med visse seia at ein har betre løn, betre kontorfasilitetar, betre pc-utstyr, betre reisebudsjett, etc. enn nokon kollegaer i noko europeisk land, inkludert dei som sit på Max-Planck-institutta i Frankfurt, Freiburg og München. Det same kan nok seiast for mange forskarar på norske universitet. Og det som held oss igjen frå å setja forskingsagenda internasjonalt er slett ikkje pengemangel men ambisjonsmangel. Ønskjer ein det lærde, men all sin tradisjonstvang, til Helvete, så må ein òg ønskja det ambisjonslause luks same vegen. Eg byrja med å fortelja om Frau Direktorinn Professor Dr. Marie Theres Fögen. Lat meg avslutta med å fortelja om ei anna kvinne: bosspann-Jesus. Ho var elev ved same ungdomsskule som eg gjekk på. Meir veit eg ikkje om henne – ikkje ein gong namnet hennar kjenner eg – fordi ho sat i alle friminutt heilt taus på eit bosspann og var aldri saman med oss andre. Ho var så anonym at ho ikkje ein gong vart mobba. I ettertid har eg tenkt at norsk forsking, noko karikert, for ofte er ein bosspann-Jesus. Vi må i staden ha ambisjonar om å etablera eliteinstitusjonar for forsking så sant det er mogeleg, og samstundes ha tru på at den einsame forskar både har og kan spela ei rolle i internasjonal forsking. Dette er himmelstorming. Men amerikanarane har eit ordtak om at ”if you want to reach the ceiling you have to aim for the sky”. Og har ein verkeleg noko å tapa på å freista?