Tillit til UiB?

Publisert

Universitetet i Bergen har starta ein prosess med å seie opp ei av dei mest framifrå yngre forskarane ved Det humanistiske fakultet, professor Ingunn Lunde. I På Høyden har Atle Kittang og Jan Fridthjof Bernt, og styrerepresentantane Peter Haugan og Johan Fr. Odfjell, oppmoda Universitetsleiinga og Det humanistiske fakultet om å finne fram til ei løysing. Så langt har tilsynelatande ingenting blitt gjort, anna enn brevveksling mellom UiBs og Lundes advokatar. Medan juristane arbeider med sitt, kunne vi ta oss tid til å reflektere over kva denne saka kan kome til å bety for universitetet og oss som arbeider her, dersom Fakultetsstyret ved HF vel å seie opp Lunde på styremøtet tysdag 17. april, slik fakultetsleiinga har varsla.

Djupast sett handlar saka om tillit. Fagleg tilsette er både tillitsmottakarar og tillitsgivarar i forhold til UiB. Dette tillitsforholdet er avgjerande for at universitetet som institusjon skal fungere optimalt og løyse sitt samfunnsoppdrag. Tilsette har fridom med omsyn til val av forskningsspørsmål og organisering av forskingsarbeid og arbeidstid. Dette er eit uttrykk for tillit frå institusjonens side. Som tillitsgivar tek UiB sjansen på å handle med få forholdsreglar overfor dei fagleg tilsette, i tillit til at deira overordna mål er samanfallande med institusjonens: å produsere forsking og undervisning av høg kvalitet, som kan vere med å gjere UiB til eit “internasjonalt anerkjent forskingsuniversitet” (Strategisk plan 2011-2015).

Fagleg tilsette som identifiserer seg med institusjonens strategiske mål er også tillitsgivarar. Til dømes når dei legg inn ubetalt ekstra arbeid til forsking og prosjektsøknader som kan føre fram til ei relatert målsetjing i UiBs strategidokument: “Skal Universitetet i Bergen nå målet om å holde høy internasjonal faglig kvalitet, må både ambisjonene om og evnen til å oppnå mer ekstern finansiering styrkes”.

Den som har 2 minuttar å avsjå, kan konstatere at Ingunn Lundes karriere  i forsking og undervisning ved UiB er i det absolutte toppskiktet uansett kva for kriterier ein vil vektleggje.  Den har resultert i ei  grunnsolid publikasjonsliste, Meltzerprisen for unge forskarar, professorkompetanse i ein alder av 33 år, prosjektleiarskap for to større FRIFORSK-prosjekt, og 20 mill. kroner til UiB i ekstern finansiering, samt ei rekkje ph.d.- og masterkandidatar.

Ingunn Lunde har gjort lite for å verna seg sjølv, i tillit til at hennar eigne interesser og institusjonens var samanfallande. Då ho fekk tilslag på sitt andre store prosjekt frå FRIFORSK la ho finansieringa av si eiga stilling inn i prosjektet, noko som har blitt akilleshælen i stillingsvernet hennar. Når HF lyste ut eit professorat i russisk og uttrykte ynskje om henne som søkjar, søkte ho stillinga, og vart innstilt som nummer 1. Etter ei uvanleg lang sakshandsaming (26 månader) bestemte Fakultetsstyret å trekkje tilbake professoratet med den grunngjevinga at ein bemanningsplan vedtatt i same møtet sette eit tak på stillingar til russisk på 4.

No vil altså leiinga ved HF, på grunnlag av ei juridisk kontroversiell tolking av stillingsvernet, seie opp ein ung kvinneleg internasjonalt anerkjent forskingsleiar i russisk litteratur- og språkvitskap, på eit tidspunkt da den norske regjeringa gjennom Forskingsrådet tydeleg signaliserer behovet for forskingsbasert kunnskap om Russland ved å etablere NORRUSS-programmet.

Bemanningsplanen vert brukt som grunngjeving for å seie opp Lunde, men som dekanen klokt skreiv i sin blogg då planen vart vedteken i 2010: “[Vi] må være åpne for at rammene kan endre seg, noe som tilsier at planen må gjennomgås og ev. revideres i forbindelse med budsjettbehandlingen hvert år.”    Bakgrunnen for bemanningsplanen var den vanskelege økonomiske situasjonen ved HF med kraftig budsjettunderskot. Denne situasjonen har no snudd, og HF rapporterer ved inngangen til 2012 om dei like kraftig budsjettoverskot. Vilkåra for ei revurdering er dermed tilstades.

Medlemmene i Fakultetsstyret har mange gode grunnar til å tvile på om oppseiing i dette tilfellet er det rette. Også dei prinsipielle sidene ved saka bør vege tungt. Fordi Universitetsstyret av formelle grunnar ikkje vil gripe inn, (tilsetjingar i professorat er delegert til fakulteta), har Fakultetsstyret ved HF komande tirsdag eit særleg ansvar for å handsame Lunde-saka, ikkje berre som ei intern HF-sak, men også som ei sak som gjeld universitetets overordna målsetjingar. Når UiB har teke seg bryet med å utarbeide overordna målsetjingar, må dei få konsekvensar for korleis UiB handlar. Det står om tillit til institusjonen.

Powered by Labrador CMS