Tillitsmannen Dag L. Aksnes og demokratiet

Publisert

Professor Aksnes har ulike ærend i sitt innlegg om demokrati og leiarskap på universitetet. Det viktigaste ser ut til å vere å forsvare leiarstyring på kostnad av demokrati, først og fremst fordi ei ekstern evaluering har sagt at slik må det vere. Dei som meiner noe anna er nostalgikarar eller tilhengarar av Grønmo (eller kankje begge deler?) . På den måten søker han også å vise at Reed er eit betre alternativ.

Grunntanken til oss demokratar er som følgjer: Dersom universitetet blir ein leiarstyrt organisasjon og leiinga si viktigaste oppgåve blir å tilpasse seg sterke aktørar i omgjevnadane, ulike eksterne evalueringar og konkurransedrivande rangeringar, vil universitetet endre karakter på avgjerande måte. Kunnskapens mangfald, det som konstituerer kjernen i Universitet,  blir truga. Med ei såkalla fagleg leiing med økonomisk makt, tilsettingskontroll og normativ dominans til å bestemme kva som er god og dårleg kunnskap, blir vi ein organisasjon med funksjonærar på den eine sida og forskingsoligarkar på den andre. 

Uttrykket ”forskingsoligark” er henta frå den tyske debatten og viser til den veksande alliansen mellom universitetsleiarar og sterke eksterne næringslivsinteresser. Men i heile Europa er det i dag reaksjonar på konkurranseorienteringa til Aksnes sitt leiarstyre (og den er veksande også i Norden). Satsinga på eliteuniversitet og sterke leiarar i Tyskland er blitt møtt med reaksjonar frå store deler av det akademiske fellesskapet. Og da ikkje berre på førestellingane om ”leiing”, men meir prinsipielt på sjølve ideen om at konkurranse mellom universitetsorganisasjonar kan drive fram god kunnskap. Denne konkurransen går på kostnad av den akademiske ”konkurransen” mellom forskarane sjølve, den som fremmer kreativiteten og nyskapinga. Når det blir viktigare å tilpasse seg måltala og anbefalingar innan evalueringssystem enn å vurdere kva som er god eller dårleg kunnskap, er det funksjonæridentiteten som blir lønna.

Få var førebudd på kor mykje den akademiske verda ville endre seg når det kollegiale fellesskapet blei oppløyst til fordel for ei ”funksjonærisering” (sjå t.d. Münch, Die Zeit, 27.09.2007, nr 40). I Frankrike har protestane kome i forkant. Men leiarreformene ruller fram likevel med argument om at ein ikkje kan tape i konkurransen om å ha ”toppuniversitet” i Europa. Trua på leiing og spissing hos forskingspolitikarane har alt kosta Frankrike mye god kunnskap.

Den noverande demokratirørsla i Europa er såleis ikkje ei nostalgisk rørsle, men ein reaksjon på at universitet blir styrt utanfrå, blir underminert økonomisk og blir samanlikna med organisasjonar som er strukturert for å tene ein marknadsøkonomi. Konsulentbyrå, også i Noreg, som har reindyrka kunnskapen om slike marknadsbaserte organisasjonar, har tent store pengar på å rådgjeve universitet om kva slags leiing dei bør utvikle.

Den samla effekten er at universitet opplever ei kollektiv degradering. Vi blir leverandørar av forskingsrapportar meir enn oppdragar av sjølvstige forskarar og studentar. Trua på eigen kompetanse, kreativitet og originalitet blir svekka. Kunnskap er noe som blir etterspurt, ikkje noe som vi skaper.

Demokrati, forstått som ein diskurs mellom kollegaer  om kva som er viktig kunnskap i vår tid, og om korleis universitetet kan utvikle denne i samspel med alle samfunninteresser, blir sett på som eit mottiltak mot framveksten av ”Chief Excecutive Officers” og deira leiarmakt.

Men det betyr ikkje at ikkje respekten for fagleg leiarskap er til stades. Dei beste mellom likemenn, får alltid mye merksemd, men skaper samstundes grunnlag for teoretisk debatt, etterprøving og søking etter alternativ.   

Mye står på spel i val av rektor. Grunnleggande er spørsmålet om demokrati. (Og er vi for demokratiet vil vi alltid finne ein måte å organisere det på).  Demokratiet kan gje oss fagleg styrke og kreativ kraft til å vise fram eit alternativ. Det er difor vi må stemme på dei som tek vare på demokratiet, som gir  rom for kontinuerleg diskusjon, kollegial overprøving og kollegastyrt verdsetting av kva som er god kunnskap. Difor er det og tillitskvinner/menn som forsvarer demokratiet vi bør ha i styret for universitetet, eit styre som i dag i alt for liten grad reflekterer breidda av samfunnsinteresser.

Powered by Labrador CMS