Tilsetjingssaka i spanskamerikansk litteratur

Publisert


Eit oppslag i På Høyden 22.04.2013 tek føre seg ei stilling som førsteamanuensis i spanskamerikansk litteratur ved Institutt for framandspråk. Stillinga har allereie vore utlyst tre gonger. Her kjem fast tilsette med eit nært fagleg forhold til den søkjaren som også står fram, med kritikk av både den sakkunnige komiteen og sakshandsaminga.  Vi finn det ikkje rett å kommentere arbeidet til den sakkunnige komiteen, bortsett frå å nemne at det var kvaliteten til innstillinga deira som gjorde at fakultetsstyret vedtok å gå til ny utlysing. Vi ønskjer heller ikkje å gå nærmare inn på instituttleiar si innstilling, som til liks med rapportane frå intervju og prøveforelesing er skjerma frå offentleg innsyn. Vi vil likevel korrigere den misvisande framstillinga som blir gitt av instituttleiinga si rolle med omsyn til søknadsfristen ved førre utlysing. Her var det faktisk ein utstrekt dialog mellom instituttleiinga og tilsette på spanskfaget, inkl. fagkoordinator, for å kome fram til ein søknadsfrist og ein prosess som var til det beste for faget. Omsynet til både interne og eksterne kandidatar vart vurdert.

Det vi ønskjer å fokusere på i dette innlegget, er den rolla På Høyden spelar i saker som dette.Her opplever vi at tilsette ope fremmer kandidaturet til ein intern søkjar, og får uttale seg fritt utan motførestellingar frå journalisten si side, sjølv om begge partar må vite at dette kan gå ut over andre søkjarar som anten ikkje ønskjer å stå fram på denne måten eller som ikkje er blitt kontakta av avisa. Redaksjonen i På Høyden veit godt at korkje fakultetsleiinga eller instituttleiinga har høve til å kome med sitt syn i tilsetjingssaker. Oppslaget er med på å festne eit inntrykk av at UiB prioriterer sine eigne søkjarar i ein situasjon der både fakultet og institutt prøver å opptre rettferdig mot alle kategoriar søkjarar. Vi kjenner til at utanlandske søkjarar på denne stillinga har lese oppslaget i På Høyden og fått inntrykk av at ein ved hjelp av lobbyisme, partisk argumentasjon og einsidig journalistikk har greidd å stanse tilsetjingsprosessen og på den måten favorisere dei interne søkjarane. Når På Høyden vel å sende eit slikt inntrykk av UiB ut i verda, bør det ha rot i verkelegheita. Det har det ikkje i dette tilfellet.

Vi forstår sjølvsagt at det er nødvendig å drive kritisk journalistikk. Stundom er dette på sin plass også i tilsetjingssaker. Men i dette tilfellet har redaktøren opna spaltene for det vi meiner er ein rein kampanje til fordel for ein intern søkjar, utan at det så vidt vi kan sjå, er gjort redaksjonelle vurderingar av dei etiske problema ei slik framferd inneber i høve til dei andre søkjarane til stillinga. I oppslaget finst det ikkje spor av ein slik etisk refleksjon, alt blir ukritisk formidla. Vi trur redaktøren i På Høyden gjer lurt i å vurdere både kva tid i prosessen avisa skal gå inn i slike saker og ikkje minst korleis dei som eit seriøst organ kan unngå å gi ei partisk og skeiv framstilling av tilsetjingssaker gjennom å opptre som eit mikronfonstativ for ein av partane.

Powered by Labrador CMS