Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I sittlesarinnlegg i På høyden 17. september skriv Rein Aasland at han felte ei tåre på vegne av forelesinga då han las BT sitt oppslag om kampanjen “Ulike tider - lik undervising!”. Det er ingen grunn til å vera lei seg eller ty til tårer, Studentparlamentet er på ingen måte motstandarar av dei “klassiske” forelesingane. Me er samde med Aasland i at me treng både ny teknologi og “god gammaldags” undervising. Heldigvis er det ingen motsetning mellom desse! “Ulike tider - lik undervising!” er ein kampanje Studentparlamentet ved UiB driv i desse dagar, som skal setta søkjelys på nye undervisingsmetodar og bruk av digitale hjelpemiddel i undervising. Digitale hjelpemiddel kan til dømes vera digital eksamen, digital pensumlitteratur, lydopptak (podkasting) eller aktiv bruk av internettløysingar i undervisinga. Me ønskjer med denne kampanjen å engasjera studentane, ved å gjera det enkelt for dei å gi tilbakemelding til forelesar om kva dei ønskjer seg meir av i undervisinga. Bruk av digitale hjelpemiddel og nye undervisingsmetodar står på ingen måte i motsetning til klassisk tavleundervising. Ein treng altså ikkje å frykta at korkje studentane eller Studentparlamentet vil ha bort tavleundervisinga. Tvert imot! Me ser ingen grunn til at ein ikkje skal kunna kombinera tavleundervisinga med digital eksamen, digital pensumlitteratur eller lydopptak. Dette er gode døme på fornying og innovasjon i undervisinga, som Aasland jo skriv at det er behov for. Aasland skriv at han meiner å vita at fleire av dei beste og mest ettertrakta forelesarane på UiB høyrer til dei minst teknologiske, og at han tviler på at det er bruk av ny teknologi som avgjer om ei forelesing er bra. Her har Aasland eit godt poeng, det er ikkje bruken av teknologi i seg sjølv som avgjer om ein forelesar er dyktig. Men det tyder framleis ikkje at det er ei motsetning mellom bruk av tavle og bruk av ny teknologi. Begge deler kan vera bra, og det kan med fordel kombinerast! Ikkje alle metodar eller hjelpemiddel passar like godt i alle fag eller for alle forelesarar, derfor er det viktig at forelesarar og studentar har dialog om kva for metodar og hjelpemiddel som er mest føremålstenlege i deira fag. Me trur at dyktige forelesarar gjerne vil ha tilbakemelding på kva som kan gjerast endå betre med undervisinga, derfor er det viktig å nå ut til studentane, slik at dei kan komma med forslag og tilbakemelding. Uansett om ein vel å nytta berre ny teknologi, berre “gammaldags” undervising eller ein kombinasjon av desse, er det viktig at det ein vel egnar seg for faget, og at det er pedagogisk grunngive. Det er ikkje heldig at ein nyttar noko berre fordi det er nytt eller gammalt. Då kan ein fort enda opp med uengasjerande tavleskriving eller powerpointpresentasjonar på 38 sider med Times New Roman-skrift i skriftstorleik 12. Me trur at forelesarar som ønskjer å utvikla undervisinga si arbeider meir med undervisinga og formidlinga, og blir dermed endå dyktigare. Me seier oss samde med Aasland i at me treng både ny teknologi og klassisk undervising. Aasland har oss med på laget sitt i samlinga om gjenreising av den gode forelesinga. Og det er jo greitt, for det er jo me som skal høyra på!