Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Denne våren har det vore som om eit haitisk jordskjelv har gått over feltet internasjonale og globale studiar ved UiB. Det eine byggverket etter det andre som har gjort dette til eit sterkt og anerkjent fagfelt har blitt reve ned over hovuda på oss. I april vart alle dei tverrfaglige områdestudia ved HF lagt ned, mellom dei Midtaustenkunnskap og Latinamerikastudiar. I juli blir Uni Global, etterkommaren av Senter for Utviklingsstudiar “tatt tilbake” til UiB og samtidig lagt ned etter 25 års drift. Det vesle, men internasjonalt velkjente Senter for Midtaustenstudiar fekk aldri noen formell status etter å bli flytta til HF, og har fått beskjed om å skjere ned på dei ressursane dei ikkje har. Det er mest så ein skulle tru det hadde skjedd ei nedprioritering, eller at noen av desse ikkje har fylt oppgåvene sine. Men slik er det ikkje, alt har vore bra, og dette er tvert om eit område som skal prioriteras og styrkas, det er eit av UiBs to store satsingsområde, blir vi fortalt. Nå er dette ulike vedtak gjort av ulike nivå og aktørar (fakultet og sentralt), og har ulike problemstillingar. Ikkje berre områdestudia, men nesten alle tverrfaglige studieprogram vart lagt ned. Nedlegginga av Global er del av ein generell strategi for å hente UiB-prosjekt tilbake frå Unifob / Uni og legge dei til institutta. Men dette sammentreffet i nedbygging av strukturane for internasjonale studiar har eit felles element: Det skal vere ei styrking av “grunnmiljøa”, institutt og disiplinfag, på bekostning av tiltak i undervisning og forsking på tvers av desse grensene. Dette er ei klar endring av filosofien tidligare, som la meir vekt på det tverrfaglige. Det ligg klart eit spenningsfelt her. Det er opplagt at tverrfaglig forsking må bygge på disiplin og institutt-forsking, ’tverrfaglig’ føreset ’fag’. Ei splitting av forskinga i to, ei sjølstendiggjort “senter-forsking” som ikkje tar opp i seg faglig utvikling og samarbeid i disiplinen på den eine sida, og ei trangsynt disiplin-intern forsking som ikkje ser ut over sine eigne modellar på den andre, er ein reell fare. Men dette er ein fare som slår begge vegar. Dette er ikkje minst tydelig i den typen områdestudiar som UiB er så sterke på, f.eks. på Midtausten og Afrika. Det er opplagt at for å drive samfunns- og kulturstudiar i desse områda må ein ha basis både i religion og sosial endring, både språk og historie. Ein må kunne sin eigen disiplin, men også ha kompetanse i dei andres. Men sjøl om dette er opplagt, så oppstår det ikkje av seg sjøl. Tverrfaglig samarbeid må dyrkas fram, og det må ha strukturar som fremmer slike kontaktar på tvers. I retorikken rundt Uni Global har det vore mye snakk om “møteplassar”, og om strategiske råd og utvalg som skal kompensere det som forsvinn. Men ein møteplass kan ikkje berre vere noen tomme kontor som forskarar kan få låne når dei alt er i gang med eit tverrfaglig prosjekt, det må vere ein stad som forskarane (og studentane) går til før dei i det heile tenker på å utvikle slike samarbeid. Slike miljø tar tid å bygge opp, og dei krev ressursar. Og dette er nok det store aberet ved det som skjer: Ein vil gjerne behalde namna og ideane rundt det tverrfaglige, Uni Global skal gjenoppstå som UiB Global, og det skal komme nye representative råd der ulike aktørar kan få lage planar. Men ein vil ta bort ressursane til desse organa, og gjere dei om til spøkelsesaktige gjenskinn av det som var. Ein kan nok gi enkeltståande bevilgningar på ein million her og der, men ein vil ikkje gi det som faktisk trengs for å bygge eit langsiktig tverrfaglig miljø, stabilitet og permanens. Det vil si faste stillingar, administrative som faglige, gjennomgåande tiltak som ikkje er avgrensa til det enkelte prosjekt eller bevilgning innanfrå eller utanfrå: det som kostar noe. Utan dette vil nok det globale ved UiB hangle og gå ei tid, på basis av det som er blitt bygd opp. Vi har fått eit fint nytt hus ved Juss II, vi er i ferd med å utvikle samarbeid med CMI ved Bergen Ressursenter, og vi har fått nye forskingsgrupper innanfor institutta som kan fremme tverrfaglig kontakt. Men ingen av desse har eller er tiltenkt dei ressursane som er nødvendig for bygge opp dei langsiktige forskingsmiljøa som UiB har vore så kjent for. Over tid må ein derfor rekne med at innhaldet i desse tiltaka vil bli tynnare og tynnare, nye forskarar vil samle seg om det som disiplinfaget innbyr til. Vi vil komme tilbake til situasjonen slik den var i 1970- og 80-åra, da mange var opptatt av utviklingsforsking, men forskarar på eitt institutt visste ikkje om at andre på nabofakultetet dreiv med nesten det samme ut frå sin disiplin-bakgrunn. Vi må derfor ha begge delar. Ein modell der dei vitskaplige tilsette har kontakt begge vegar, fullverdig kontakt til sitt fagmiljø, men også langsiktig og stabil tilknytting til eit tverrfaglig miljø som er i stand til å tilby dei noe ressursmessig. Eit miljø som naturligvis skal tiltrekke seg eksterne forskingsmidlar til UiB men som ikkje skal ha det som einaste mål, det skal primært tene til å utvikle desse faglige møteplassane ein vil skape. Det skal gi identitet og gi eit ansikt både innover og mot verda rundt slik at ein forskar og ein student både er ein “historikar” og ein “sudan-forskar” og har faglig stimulans og eit levande miljø begge vegane. Til det trengs meir enn råd, utvalg og strategiplanar, til det krevs det ressursar og permanente strukturar med innhald.