Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Siste nr av Hubro har ein artikkel om tvil og vitskap som mellom anna handlar om klima. Her kjem eg inn på korleis ei aktiv gruppe, stort sett beståande av eldre menn (sjå klimarealistene.com), bombarderer norske media med argument av typen ”målingar viser ingen global oppvarming”, ”det er ein global oppvarming men den er ikkje menneskeskapt” eller ”det er ein menneskeskapt global oppvarming men den er ikkje så farleg”. Dei stolar blindt på enkeltståande arbeid samtidig som dei ignorerar dei mange tusen publikasjonane som ligg til grunn for oppsummeringa til FN sitt klimapanel. Eller dei drar bastante slutningar basert på korte tidsseriar eller regionale observasjonar, utan at dette vert sett i lengre tidsperspektiv eller i ein global samanheng. Når dei enkeltståande arbeida eller dei mangelfulle slutningane vert tilbakevist, finn ”realistane” seg eit nytt arbeid eller ein ny tidsserie som skal bevise at klimaforskarane tek feil og at menneske kan fortsette å forureine atmosfæren med klimagassar utan konsekvensar for klimaet. Dette handlar ikkje om god vitskapeleg praksis eller sunn skepsis. Det handlar om å nekte å ta inn over seg ei av dei mange store utfordringane som kloden står overfor, og derfor nyttar eg det ikkje-vitskapelege ordet klimafornekting. Som for å understreke mine poeng, gjekk det ikkje mange dagane før kollega Olav Kvalheim tok pennen fatt. I På Høyden argumenterer han igjen med at den globale temperaturen ikkje har stege dei siste ti åra, trass i at CO2-innhaldet i atmosfæren aukar år etter år. Dette er korrekt men likevel misvisande. Kvalheim unnlèt å opplyse lesarane om at det er mange andre faktorar enn drivhusgassane som påverkar variasjonar i den globale middeltemperaturen. Dette fører til at temperaturen i enkelte periodar stig svært raskt, mens det i andre periodar kan vera ei utflating eller til og med ein reduksjon. Dette vert det sjølvsagt teke omsyn til når dei ulike klimapådriva vert utrekna. Dei siste ti åra har hatt lange periodar med låge havtemperaturar i tropane (heng saman med ein naturleg klimavariasjon i Stillehavet, såkalla La Niña situasjonar), og ein lang periode utan solflekkar og låg innstråling frå sola. Likevel er dette tiåret det klart varmaste som er målt på kloden. Den einaste vitskapeleg truverdige forklaringa er at dette skuldast dei høge konsentrasjonane av drivhusgassar i atmosfæren. Ein litt banal analogi er at det går framleis mot vinter i Bergen, sjølv om temperaturen ikkje har falle dei siste to vekene. Det er, som vi alle veit, ikkje slik at aukande global temperatur er synonymt med rekordhøg temperatur år etter år. Til sist viser Kvalheim til at den underliggjande drivkrafta bak CO2-auken i atmosfæren er auken i folketalet på jorda (korrelasjon siste 60 år på 0.99), og at denne samanhengen er størst (korrelasjon over 0.99?) utanfor Europa og Nord-Amerika. Dette er ei underleg bruk av statistikk all den tid dei rike landa i verda (i dag 20 % av folketalet) står for 50% av dagens utslepp av drivhusgassar og har stått for 80% av dei historiske utsleppa. Det er med andre ord forbruket i den rike del av verda, og ikkje folketalet i den fattige delen, som har ført til CO2 auken i atmosfæren.