UiB er ikkje eit sentralistisk einevelde

Publisert

Eg står med dette frimodig fram og kan fortelja at eg har snakka med BT om indre organisasjonstilhøve på universitetet. Dette var heller ikkje hemmeleg før dei to store oppslaga i helga. Grunnen til at eg ikkje ville bli sitert i denne saka, var at eg ikkje ønska å delta i eit offentleg ordskifte om personar i samband med direktørskiftet for ei tid sidan. 

Det er synd at den interessante debatten om styringsstruktur på universitetet – som eg hadde ein god samtale med BT om – blir  sausa saman med personkarakteristikkar, halvkveda viser og eit inntrykk av frykt og generell misnøye på UiB. Artiklane i BT gir inntrykk av at alle som ikkje ville bli siterte, er redde for represaliar. Mitt ønske om ikkje å bli sitert kan ikkje tas til inntekt for at frykt for represaliar er utbreidd på universitetet.

Mykje kunne blitt sagt både om form og innhald i BT oppslaga. Eit hovudproblem er at det er svært vanskeleg for leiarar på ein arbeidsplass å forsvara seg mot anonym kritikk frå misnøgde tilsette. Eg vil likevel nøya meg med å kommentera ei saksframstilling som er heilt misvisande. Det blir fleire stader hevda at universitetet er blitt meir sentralstyrt, med meir lukka beslutningsprosessar. Dette er å snu saka fullstendig på hovudet. Grunnivået på universitetet har større autonomi enn nokon gong før. Fakulteta og avdelingane har ofte møte med universitetsleiinga der alle viktige saker blir gjennomgått, og fagmiljøa blir tekne med på råd i opne høyringsprosessar.

Like etter at vi fekk ny direktør fekk eg sjølv i oppdrag å leia eit breitt utval for å greia ut meir opne og gjennomsiktige måtar å fordela ressursar på. Utvalet fekk og i oppdrag å komma med framlegg til å modernisera inntektsfordelingsprosessen slik at den interne fordelinga knyter seg nærare til Kunnskapsdepartementets styringssignal. Det ligg nå føre ei einstemmig komitetilråding for eit meir gjennomsiktig innteksfordelingssystem. Det er styret som skal ta stilling til om dette systemet skal tas i bruk, men det var universitetsleiinga som kom med initiativet til meir opne prosessar også på dette svært viktige feltet.

Universitetet i Bergen har ein sterk rektor og ein sterk direktør som samarbeider godt. Det er universitetet tent med.

Innlegget ble først publisert i Bergens tidende 7. september 2008

Powered by Labrador CMS