Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB for passiv i høve til endringsproesessane i norsk høgare utdanning og forsking Rektor Sigmund Grønmo framhevar i sitt innlegg i BT den 26. februar 2009 at underteikna som medlem av Stjernø-utvalet gjekk inn for ”tvangssammenslåing av universiteter og høyskoler”. Min relasjon til Stjernø-utvalet har også blitt framheva i andre samanhenger og han har framheva arbeidet med å hindra samanslåing med andre institusjonar som ein siger for sitt rektorat. Problemet med dette er at Grønmo ikkje har presentert noko alternativ eller starta ein diskusjon ved UiB om korleis ein skal ta inn over seg og reagera på dei generelle utfordringane for norske universitet og høgskular som utvalet peika på i si innstilling og dei spesielle utfordringane UiB står overfor. Utvalet presenterte ei omfattande analyse av situasjonen for norsk høgare utdanning, som så godt som alle har slutta seg til. Utvalet peika særleg på faren for fragmentering og spreiing av ressursar ved at mange høgskular tek sikte på å oppnå universitetsstatus på eiga hand, manglande satsing på grunnforsking og framragande fagmiljø og for svak kvalitet i profesjonsutdanningane ved høgskulane (ingeniør-, lærar og sjukepleiarutdanning). Utvalet peika også på at medan andre land i Europa og verda elles, og særleg grannelanda våre, Finland, Sverige og Danmark, har teke offensive grep for å styrka forsking og høgare utdanning, er Noreg prega av handlingslamming, og insentivstrukturen fører til vidare fragmentering og ressursspreiing. Norske universitet og også UiB samanliknar seg gjerne med universitet i Europa, medan situasjonen globalt er at europeiske og amerikanske universitet står i fare for å bli forbigått av universitet i Asia, særleg i India og Kina. Utvalet kom med mange framlegg til tiltak for å møta desse utfordringane. Framlegga gjaldt til dømes endringar i finansieringsordninga for høgare utdanning og forsking, organisering og leiing av institusjonane, etablering av sentre for framståande undervising og vidareføring av ordninga med SFF, styrka forskarutdanning og at institusjonane skulle utarbeida framlegg til reorganisering med sikte på ei vesentleg reduksjon i talet på institusjonar. Det var det siste verkemiddelet m. a. Sigmund Grønmo, særleg sette seg mot og har lukkast med å hindra, i den forstand at Statsråden har sagt at det ikkje vil bli gjort framlegg om å gjennomføra ei slik strukturreform frå regjeringa si side nå. I andre deler av landet skjer det nå omfattande prosessar i retning av samanslåing og strukturendring, medan det i vår region skjer svært lite, fordi UiB som den sentrale institusjonen, har valt ein strategi som framstår som innovervendt og lite retta mot å påverka dei prosessane som skjer rundt oss. Dette skjer trass i at UiB truleg er den institusjonen i Noreg som sterkast har fått si rolle utfordra av utviklinga utanfor institusjonen. Inntil nyleg var UiB det einaste universitetet på kyststrekninga frå Oslo til Trondheim. Dette gav ein nokså trygg posisjon, særleg i konkurransen om studentane. I dag er UiB eitt av tre universitet på same strekninga, og vi vil truleg innan få år få det fjerde, lokalisert i Bergen, etter at Høgskulen i Bergen nå har gjort vedtak om å ta sikte på å bli universitet innan 2015. Vi vil såleis snart kunne ta to universitet, ein vitskapleg høgskule (NHH) og ein privat høgskule (BI) i Bergen, i tillegg til to høgskular i nærleiken (Sogndal og Stord/Haugesund). Høgskulen i Bergen har fått gjennomslag for storstilte byggjeplaner som, saman med universitetsstatus, vil styrka den vesentleg som konkurrent for UiB både når det gjeld studentar og administrativt og vitskapleg personale. Universiteta i Stavanger og Agder vil også bli bygt ut til stadig sterkare konkurrentar. UiB har eit sterkt fallande studenttal (frå ca. 15800 til ca. 14.000 studentar i siste rektorperiode) og tapar terreng i forhold til dei andre store universiteta når det gjeld produksjon av doktorgrader og publikasjonspoeng. I dag har UiB langt under halvparten av studentmassen innan høgare utdanning i Bergen. UiB sin del av eksterne forskingsmidlar går også ned, sjølv om det absolutte talet aukar. Eg har ikkje registrert nokon diskusjon internt på UiB om korleis ein vil møta denne situasjonen, ut over håp om at endringane i intern struktur skal føra til vekst og fagleg utvikling. Det einaste konkrete tiltaket den noverande universitetsleiinga har teke initiativ til for å møta utviklinga, er etableringa av UH-nett Vest som ei samarbeidsordning mellom institusjonane på Vestlandet. Dette er eit positivt tiltak, men heilt utilstrekkeleg og lite dekkande som svar på dei utfordringane UiB vil stå overfor. UiB si passive rolle i høve til dei endringsprosessane som skjer, blir lagt merke til og skaper undring andre stader i landet. Det er heller ikkje aktuelt å arbeida for samanslåing mellom UiB og andre institusjonar nå, men Reed-alternativet vil leggja langt større vekt på samarbeid og forpliktande samhandling med andre institusjonar i regionen, enn den sitjande leiinga har gjort. For å lukkast i den konkurransesituasjonen UiB står overfor, og utvikla UiB til eit sterkt universitet med framståande internasjonale fagmiljø og som den viktigaste institusjonen for høgare utdanning på Vestlandet, er det naudsynt å få regionen rundt UiB til å sjå verdien av å ha eit framståande internasjonalt universitet i Bergen som ein sentral aktør i utvikling av regionen. I andre deler av landet samlar næringsliv og offentlege institusjonar seg om oppbygging av universitet som ein viktig del av utviklinga av sine regionar. Om ein ser bort frå Trond Mohn sine generøse gåver, er det påfallande kor lite midlar UiB relativt sett har fått frå næringslivet i regionen, samanlikna med det som er stilt til disposisjon i Nordland, Hedmark og Oppland eller i Rogaland, for utvikling av universitet. Reed-alternativet i rektorvalet har difor framheve dialog og samhandling med samfunnslivet i regionen som eit viktig tiltak for å styrkja UiB som forskingsinstitusjon. Vi er sjølvsagt klar over at det kan knyta seg ulike problemstillingar til å knyta for sterk kontakt med næringsliv og forvalting som kan ha sine særinteresser og at dette må skje i former og innanfor rammer som ikkje er i strid med dei verdiar og interesser universitetet står for. Vi meiner likevel at ein kan oppnå mykje på dette området, og at det er naudsynt å utnytta alle mogelege finansieringskjelder for at universitetet skal kunne makta den konkurransen som kjem. Det må sjølvsagt også arbeidast for å styrkja dei offentlege løyvingane til høgare utdanning og forsking. Problemet har dei siste åra vore at det ikkje er tilstrekkeleg vekst i offentlege midlar, og konkurransen om desse mellom institusjonane vert også stadig hardare. Det er difor også naudsynt å styrkja UiB si evne til å konkurrera om dei offentlege midlane som blir tildelt. Det er til dømes i statsbudsjettet sett av 180 mill. kroner til oppretting av nye studieplassar. I fordelinga av desse midlane vil institusjonane si evne til omstilling og å gje gode nye utdanningstilbod vera avgjerande. Det er difor Reed-alternativet satsar så sterkt på utvikling av tydelege og adekvate utdanningsløp med høg kvalitet. Viserektorkandidat Lise Øvreås har alt gått ut med framlegg om at UiB skal etablera sentre for framståande undervising. Samanslåing med andre institusjonar i regionen er ikkje aktuelt nå, og vi vil ikkje gå inn for dette, men det er viktig å få etablert ei aktiv samhandling med andre forskings- og utdanningsinstitusjonane i regionen for å utvikla forskingsinnsatsen og utdanningstilbodet og sikra effektiv bruk av dei samla ressursane. UiB må syna at ein er viljug og i stand til å ta eit leiaransvar for utviklinga av forskings- og utdanningsverksemda i regionen. Gjennom samarbeid kan ein få til utdanningstilbod som ingen kan etablera på eiga hand. Mastergradstilbod innan teknologi, IT og jordskifte er aktuelle samarbeidstiltak for UiB og Høgskulen i Bergen, som også gjer grunnlag for forskingsmessig utvikling og nyorientering for UiB. For UiB vil også strategiske og langsiktige forskings- og utdanningssamarbeid med utanlandske universitet og forskingsinstitusjonar vera eit naturleg og viktig tiltak for å utvikla gode forskings- og utdanningsmiljø i ei internasjonal ramme. Her bør UiB ha føresetnader for å bli eit foregangsuniversitet i Noreg. Vi ser det også som eit sentralt mål å arbeida for ei sterkare deling av forskingsfinansiering og utdanningsfinansiering. I dag får universiteta tildelt midlar i hovudsak etter studenttal og avlagte studiepoeng og forskingsfinansieringa er innbakt i dette. Ved ei sterkare deling av utdanningsfinansierig og forskingsfinansiering, ville ein kunne sikra forskingsfinansiering til viktige felt med relativt små studenttal og høge forskingskostnader og tilsvarande tilstrekkeleg utdanningsfinansiering til område med mange studentar. Ein slik fordelingsmodell ville kunne gjera det mogeleg for UiB å få finansiert satsing på grunnforsking, samstundes som undervisingsinnsatsen i større grad kan tilpassast kostnadane med undervisinga og ikkje bli påverka av forskingskostnadane på dei ulike område. Ein føresetnad også for dette er at UiB har ein organisasjon og eit fagleg nivå som gjer at ein vinn fram i konkurransen om slike midlar. Sigmund Grønmo var førande i motstanden mot utvalet , frå lenge før innstillinga vart lagt fram. Medan utvalsinnstillinga vart godt motteken av mange og har ført til omfattande initiativ til nyorganisering fleire stader, vart den ved UiB møtt med ein nærast dogmatisk motstand. Dette har ført til at ein ikkje ved UiB hatt nokon diskusjon om korleis ein ved alternative tiltak kan møta dei utfordringane innstillinga peika på og heller ikkje dei særlege utfordringane UiB har som fylgje av utviklinga rundt oss.