UiB i front i klimakampen?

Publisert

Vårt overforbruk av kol, olje og gass fører til CO2 utslepp som er mykje større enn det som jorda i lengda kan tåla. Me kjenner dei alvorlege konsekvensane av dette, både for fattige som lever i dag, for framtidige generasjonar og for heile det vakre og finstemte økosystemet me menneske er ein del av. Me er alt seint ute til å hindra ein global temperaturstigning på 2 grader. Det hastar å koma i gong med meir radikale tiltak for å oppnå global klimanøytralitet i 2050 slik at me kan førebyggja større temperaturstigning med svært alvorlege konsekvensar.

Det ser diverre ut til at forhandlingane som no blir førde København ikkje vil kunna gje eit godt nok resultat. Om landa som no forhandlar får gjennomslag for sine forhandlingsposisjonar for reduksjon av klimagassar, styrer me mot ein temperaturauke på heile 3.5 grader. Om resultatet ikkje blir betre enn dette, er det grunn til å tru at me går mot ei global miljø- og fattigdomskatastrofe.

Kva kan UiB gjera, i tillegg til bli best på klimaforsking i Noreg? Kanskje me bør slutta oss til ”10:10 aksjonen”? Slik kunne me senda eit signal til norske politikarar om at større kutt, også på heimebane, er mogeleg!

Mange har sikkert høyrt om denne aksjonen som vart sett i gang i september i år av ei gruppe i England, mellom andre av redaktør og tilsette i avisa The Guardian. Dette er alt blitt ei internasjonal rørsle der alle som blir med vil gå inn for å redusera eigne utslepp med 10 % i løpet av året 2010. Med litt planlegging er dette ikkje svært vanskeleg å gjennomføra.

10:10 har utvikla seg til ei masserørsle i Storbritannia – der mange, frå kommunar til skular og sjukehus, fotballklubbar og samfunnsorganisasjonar er med. I Storbritannia har 35000 einskildpersonar og 2000 bedrifter og organisasjonar meldt seg på. Også regjeringa med statsminister Gordon Brown i spissen og tusenvis av andre kjente og ukjente samfunnsaktørar er med på å gjennomføra ein slik relativt lett og sunn ”klimaslankekur” i 2010.

10:10 Norge vart lansert i oktober. To tusen norske privatpersonar har alt meldt seg på, i tillegg til nokre organisasjonar og bedrifter, blant andre vekeavisa Ny Tid og det kjende arkitektfirmaet Snøhetta. Dei som blir med tek på seg å gjennomgå rutinar i eigen organisasjon for å setja opp eit klimaregnskap. Så vert det laga ein plan for klimakutt. For tilsette ved UiB trur me det er spesielt mykje å spara med å redusera reiser med fly, blant anna gjennom å redusera talet på konferansar, møter og ”workshops” som krev at mange frå ulike delar av verda (eller Noreg) må møtast fysisk. Videokonferansar og fjernundervising kan ofte være gode alternativ. Mange organisasjonar vil ikkje tapa mykje om dei til dømes går over frå å ha årlege møter til å møtast kvart anna år.

Elles kan ein gjennom 10:10 aksjonen finna mange gode tips kva ein kan gjera. Lista av mogelege tiltak er lang, noko som også går fram av omtale av aksjonen på kronikkplass i Bergens Tidene måndag 7 desember.

Me vil med dette be om at Rektor vurderer å melda UiB på. Det kan vera mykje å oppnå, også økonomisk, gjennom ein samla plan for å redusera flyreiser, spara energi på arbeidsplassane, byggja energinøytralt og sikra at innkjøp og annan aktivitet bidrar minst mogeleg til CO2 utslepp. Me trur dei fleste tilsette vil sjå positivt på dette. La det gå sport i det! Kanskje me skulle oppretta ei utmerking som ”Årets miljøinstitutt” med ein pris for det mest miljøvenlege instituttet ved Universitetet.

Etter Kyoto-avtalen skulle Noreg berre auka sine utslepp med maksimalt ein prosent over 1990 nivået. No er me 8 prosent over. Lat oss ved UiB visa at ei anna utvikling er mogleg! På http://www.1010norge.no/ finn ein ut meir om aksjonen. Det ville vera eit fint signal om UiB som det fyrste universitetet i Noreg sluttar seg til.

Powered by Labrador CMS