Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I eit innlegg i debattspalta i På høydene fortel Sjur Didrik Flåm at han er lei seg for at han les UiB-magasinet. Magasinet har ifølgje Flåm neglisjerbar fagleg verdi, og han synest det ville vore betre å la forskarane skriva sjølv enn å bruka journalistar som “mellommenn”.
Heldigvis mottek redaksjonen få slike reaksjonar. Mange av dei vitskapleg tilsette som har vore intervjua i magasinet det siste året, har tvertimot gjeve uttrykk for at dei er svært nøgde med resultatet, og har bede om mange ekstra eksemplar til bruk i ulike faglege samanhengar.
Redaksjonen arbeider stadig for å bli betre, både når det gjeld å finna gode saker og bruka ulike sjangrar som kan gjera UiB-magasinet endå meir lesarvenleg. For å nå fram med ein bodskap, må ein tilpassa presentasjonen av innhaldet til mottakarane. Og mottakarane er i dette høvet folk som er interesserte i å få vita meir om det som går føre seg ved UiB; ikkje berre professorar, men også politikarar og andre beslutningstakarar, ulike samarbeidspartnerar med UiB innan privat næringsliv og offentleg forvalting. Det er også andre innan sektoren, media, lærarar i vidaregåande skule og ein del privatpersonar - altså svært mange utanfor UiB. Mottakarane har svært ulik bakgrunn, somme med professorkompetanse - andre utan. Det same gjeld for dei tilsette ved UiB der det faktisk også er ei stor gruppe teknisk-administrativt tilsette som er interesserte i å lesa om forskinga ved eigen institusjon på ein forståeleg måte.
Målet er å formidla at det føregår mykje spennande, viktig og nyttig forsking ved UiB - at me har ei viktig rolle å spela i samfunnet. Ut frå dei tilbakemeldingane me får, både internt på Universitetet og frå omverda, tyder mykje på at UiB-magasinet er på rett veg for å nå dette målet. Så får me heller leva med at Sjur Didrik Flåm ikkje ser verdien av å formidla forskinga ved UiB på denne måten.