Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Redaktøren fortel meg venleg at „for å nå fram med ein bodskap, må ein tilpassa presentasjonen av innhaldet til mottakarane.” Takk for godt råd! Eg seier meg tusen gonger samd og spør difor nokså enkelt:
Kvifor framhevar magasinet, i fleire artiklar, dei utruleg mange og lange reisene somme professorar gjer? Har lesarane særskilt interesse av globale søk eller globale kart? Får redaksjonen entusiastiske tilbakemeldingar på slikt stoff? Siktar desse skildringane mot målet „å formidla at det føregår mykje spennande, viktig og nyttig forsking ved UiB”?
Hjertaker opplyser at „redaksjonen arbeider stadig for å bli betre?” Igjen takk! Den opplysninga inngir glede og håp. Men hovudproblema ligg heilt andre stader. Å „gjera UiB-magasinet endå meir lesarvenleg” langs etablerte linjer, det gir fag, innsikt og lærdom tronge kår. Om journalistar (og byråkratar) stadig skal avgjera kva som er spennande vitskap, då er formidling og forsking i fare. Så eg gjentar: Nokre blant dei tusenvis vitskapleg tilsette ved UiB kan sikkert servera noko nytt og friskt. (Elles er vi verkeleg ille ute.) Gi desse honorar for publiserbare manus - saman med litt journalistisk assistanse ex post. Då kan vi unngå artiklar som blandar personportrett, pludring, reiserapport, intervju og fag i ei konturlaus røre. Då kan vi venleg og vørdsamt nå dei mange (og gode) lesararane som no blir understimulert av UiB-magasinet.