UiB og Aust-Asia

Publisert

Samarbeid med land i Aust-Asia innan forsking, utdanning og næringsliv vert stadig viktigare i dagens globale situasjon. Særleg viktige i denne samanhengen er Japan og Kina. Dei kinesiske og japanske økonomiane er begge lokomotiv i verdsøkonomien. Alt i 2003 inngjekk Japan og Noreg ein generell bilateral forskings- og teknologiavtale. I 2007 la Regjeringa fram ein Kina-strategi og handlingsplan der utdanning og forsking vert framheva. Kina, som har den raskast veksande økonomien i verda, er òg den viktigaste handelspartnaren til Noreg i Asia.

Forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland har nyleg vore i Tokyo for å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Japan innan forsking og utdanning. Under besøket vart NorAlumni Japan lansert, eit nettverk som skal kople norsk næringsliv med noverande og tidlegare norske studentar i Japan og japanske studentar i Noreg. Eit tilsvarande nettverk for Kina vart etablert i fjor.

Japansk vert snakka av 125 millionar menneske og kinesisk av ein milliard, og interessa for å lære dei som framandspråk aukar kontinuerleg verda over. Tora Aasland fekk under besøket i Tokyo møte japanskstudentar, m.a. frå Institutt for framandspråk (IF) ved UiB som streka under kor viktig det er å lære seg japansk språk når ein skal leve og studere i Japan.

Trass i det eg har sagt ovanfor, er kunnskapsnivået i Noreg framleis lågt når det gjeld Aust-Asia. Her i landet er det er berre UiO som tilbyr fulle studieprogram opp til PhD-nivå med fordjuping i japansk og kinesisk språk og samfunnsforhold. For nokre veker sidan etterlyste næringsminister Trond Giske satsing frå norske lærestader på Kina.

Det er på høg tid at UiB som det nest største universitetet i Noreg følgjer den globale utviklinga og styrkjer kompetanse i språk og kultur som er retta mot Aust-Asia. På denne bakgrunnen er det gledeleg at leiinga ved UiB i januar i år bad HF utarbeide eit overslag for kva det vil koste å opprette eit fagtilbod i kinesisk der undervisninga vert gitt av vitskapleg tilsette. I samråd med IF har fakultetet svara at ei nødvendig basisbemanning for faget vil vere to vitskaplege stillingar (eit professorat og ein førsteamanuensis). Det vert føresett at kostnadene vert dekte gjennom ein permanent auke i grunnløyvinga til fakultetet. I tillegg til desse stillingane ønskjer vi å halde fram med å nytte kompetansen som Bergen Konfutse Institutt representerer, ikkje minst gjennom lærarkrefter som supplerer undervisninga vår med svært verdfull munnleg og skriftleg språkopplæring.

IF har så langt hatt eit framifrå samarbeid med Bergen Konfutse Institutt om undervisninga i dei to innføringskursa i mandarin. Frå Bergen Konfutse Institutt si side og frå studentar har det vore sett fram ønske om å utvide tilbodet i mandarin ved IF utover dei to elementære innføringskursa vi har no. Det har heile tida vore instituttleiinga sitt syn at vi treng ei forskingsmessig forankring i form av vitskaplege stillingar før vi kan gå i gang med eit årsstudium, dvs. utvide det noverande tilbodet med fleire emne.

I iveren etter å etablere eit forskingsbasert fagtilbod i kinesisk ved UiB må ikkje universitetsleiinga og andre gløyme japansk, som er eit like viktig fag. Eg er samd med dekanen ved HF, Gjert Kristoffersen, som seier følgjande i På Høyden 27.1.2011: “Både Japan og Kina er store økonomier. Vi mener derfor vi vil oppnå best gevinst med en østasiatisk områdesatsing.” Ved UiB er japansk eit populært fag som kan vise til gode resultat på undervisningssida. For å tilfredsstille NOKUT-krava til formalkompetanse og for å få hjelp til undervisninga, har IF inngått ein samarbeidsavtale med NHH om undervisning i japansk på 100-nivået. I den krevjande prosessen vi har vore gjennom på fakultetet med fagdimensjonering, har satsinga på dette samarbeidet òg vist seg å vere viktig for at faget skal overleve ved UiB. Men denne samkøyringa endrar ikkje i vesentleg grad den vanskelege ressurssituasjonen japansk har ved UiB. Behovet for stillingar i faget har vorte meir og meir prekært etter kvart som talet på studentar har auka. Særleg har ein merka dette behovet etter at kvalitetsreforma vart innført.

For å rå bot på denne situasjonen må faget snarast få tilført ei førsteamanuensis-stilling. Til liks med kinesisk må det langsiktige målet vere å opprette eit fullt studietilbod i japansk opp til master- og PhD-nivå. Til det trengst det tre faste vitskaplege stillingar i japansk ved UiB. Minst ei av desse stillingane må vere eit professorat.

 

Powered by Labrador CMS