Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Takk til Gunnar Kvåle og Helge Drange for godt lesarbrev i På høyden (08.12.09) om ulike miljø- og klimautfordringar – lokalt, nasjonalt og globalt. Dei minnar oss på at vårt overforbruk av ”kol, olje og gass fører til CO2 utslepp som er mykje større enn det som jorda i lengda kan tåla”. Dei skriv vidare at det neppe vil kome avtalar som er gode nok til å oppnå global klimanøytralitet i 2050, på klimatoppmøtet i København. Spørsmålet blir då kva ansvar Universitetet i Bergen har for unngå ei global miljø- og fattigdomskatastrofe? Kvåle og Drange meinar at vi gjennom lokale og institusjonelle klimatiltak kan vise styresmaktene at det er fullt mogleg med større utsleppskutt enn det det blir lagt opp til i København. Dette er eit syn som eg trur fleire enn rektor kan skrive under på. Eg sa det i rektorvalkampen i vår, eg har peikt på det i fleire samanhengar seinare, og eg gjentek det her: Universitetet i Bergen skal bli det grønaste universitetet. Eit av fleire viktig steg på vegen til å nå dette ambisiøse målet er Tiltaksplan for ytre miljø 2010-2011 (pdf) som blei vedtatt på Universitetsstyremøtet 3. desember i år. Perspektivet i tiltaksplanen er at Universitet i Bergen skal redusere ”miljøbelastningene” med 20 prosent innan 2020. Skal vi bli det grønaste universitetet, må vi heile tida vurdere ulike tiltak og verkemiddel. Kvåle og Drange ber rektor om å vurdere å melde Universitetet i Bergen på ”10:10 aksjonen” slik at vi mellom anna kan sende eit signal til norske politikarar om at større kutt, også på heimebane, er mogleg! Ei slik vurdering gjer eg gjerne. Administrasjonen er allereie i gang med ei utgreiing om kva sjansar universitetet har til å realisere måla som er nedfelt i ”10:10 aksjonen”, og når denne analysen er ferdig vil vi drøfte om Universitetet i Bergen skal melde seg på aksjonen.