Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Sunn fornuft ville jo straks fortalt at det er Om forskinga har som oppgåve å fornærme eller
Eit viktig element som ikkje er nemnt i tidligare
lesarbrev, er at universitets-leiinga fjerna
desse bilda utan å kontakte den faglige
ansvarlige for utstillinga, eller noen andre i
det faglige miljøet rundt. Her har ein fått
panikk, og tråkka på meir enn eit prinsipp som
burde vore viktig. Når vi først har ein faglig
kompetanse på dette området ved UiB, burde ikkje
UiB da sjøl nytte seg av denne før dei trakkar i
dei salatar som måtte by seg?
stor forskjell på bilder som har til hensikt å
forhåne og karikere muslimanes profet, og bilder
som muslimar sjøl har laga for å forherlige den
samme profeten. Korleis ein skulle få seg til å
tru at muslimar vil angripe UiB for å vise
muslimsk kultur, er vanskelig å begripe. Men
trulig kjem det av at noen i leiinga har utan
vidare har hoppa på tabloid-versjonen av saka, at
det er sjølve det at Muhammad blir avbilda som er
problemet og ikkje fornedringa av han. At dei
ikkje klarer å sjå forskjellen på hån og hylling,
er så sin sak. Men det finnes altså kompetanse
som kunne ha forklart dei det, om dei hadde komme
på tanken å bruke han.
skal ta hensyn til folks religiøse følelser er ei
anna sak, her som elles er nok fornuft og
avveging av nytte mot skade noe som kjem inn. Men
det er altså ikkje det som dette dreier seg om; i
det grunnleggande går det på kven det er som skal
styre universitets formidlingspolitikk.