Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det var ikkje min intensjon å avfeie diskusjonen med at forskingsprioriteringar ved UiB er Stortinget si rolle. Tvert imot, prioriteringar innan basistildelinga skal institusjonen sjølv ta ansvar for, innafor dei føringane som Kunnskapsdepartementet gir. UiB har også, etter mi oppfatning, ei plikt til å påverke Storting og Forskingsrådet sine forskingspolitiske prioriteringar.
Fakultetet har gjennom breie prosessar utvikla nye strategiar innan ulike områder. Blir den nye strategien for fakultetet vedteke slik den ser ut i dag, vil marin, klima og energi vere hovudprofilområde for fakultetet. Desse områda ser vi som viktige fordi dei svarer på behovet for forsking, utdanning, formidling og innovasjon på områder tett knyta til dei store globale samfunnsutfordringane.
I kor stor grad vi lykkast i å omsette strategiane vil det bli diskusjon om. Vi respekterer at det både internt på fakultetet og i eksterne miljø vil vere ulike oppfatningar om viktige faglige prioriteringar. Det er ein diskusjon vi er open for og ynskjer velkomen.
Haakestad skriv at Akademiaavtalen opnar for forsking på utvinningsmetodar for oljesand. Dette er ikkje korrekt. «Ukonvensjonelle ressurser» i Akademiaavtalen sikter i hovudsak til forsking som bidrar til kartlegging og utvinning av metanhydratressursar. Metanhydrat representerer ein energiressurs som i eit klimaperspektiv kan vere viktig på vegen mot eit karbonnøytralt energiregime. Kva prosjekt som fekk tildeling i siste søknadsrunde er i tillegg opent tilgjengelig i protokollar frå møte i Styringsgruppa.
Til slutt ein kommentar til innlegget frå Peter Haugan og Helge Drange 20. oktober, der dei kommenterer mitt svar til Haakestad. Eg er fundamentalt ueinig i deira oppfatning av Akademiaavtalen. Motstanden mot Akademiaavtalen framstår for meg hovudsakleg som symbolpolitikk. Problemet er ikkje at det fins petroleumsrelatert forsking ved UiB, men at vi ikkje får opp ein stor portefølje på fornybare prosjekt. Det problemet blir ikkje mindre av å stanse den petroleumsrelaterte forskinga.
Når det er sagt, er det sjølvsagt legitimt å meine at endringar bør skje raskare, at insentiva må vere sterkare, og at kunnskapsmiljøa bør bidra tyngre mot nødvendige omstillingar innan fundamentalt viktige samfunnsområde. Eg respekterer Haugan og Drange for deira innsats i samfunnsdebatten og for eit grønt skifte. Eg arbeider også godt saman med Peter Haugan for å bygge opp nye satsingsområde innan bærekraftig energi ved MN-fakultetet og UiB.
Eg meiner at Akademiaavtalen ikkje er problematisk i høve til Nent si fråsegn. Avtalen har vore god for universitetet og den har bidrege til solid grunnforsking. Ja, den har bidrege til petroleumsrelatert grunnforsking, men den har også vore med å legge grunnlaget for eit forskingssenter for miljøvennlig energi (FME) innan CO2 lagring. Og får UiB eit FME i geotermi i denne søknadsrunden, vil Akademiaavtalen ha bidrege tungt til dette.
I regi av Akademiaavtalen vil UiB den 20. november arrangere fagseminar med tittel ”Renewable energy and energy transition”. Dette seminaret vil legge grunnlag for neste søknadsrunde mot Akademiaavtalen.