Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Nå nærmer UiB sitt nye andlet mot verda - den nye eksternweben seg endeleg lansering. At dette er ei nødvendig oppgåve vil nok dei alle fleste vera samde i. Planen er at når den nye eksternweben vert lansert 15. januar, skal ein slå av den gamle weben. All informasjon som ligg på www.uib.no og andre underdomene som innheld offisiell informasjon (for eksempel instituttsider som www.bio.uib.no eller www.ifi.uib.no) skal forsvinna, for å bli erstatta av dei nye websidene. Dersom ein går inn på ei side på ein av desse vil ein anten bli omdirigert til hovusida for institusjonen i den nye weben, eller ein vil få den velkjente «Feilmelding 404 - Siden finnes ikke». Det er ikkje mange ting som er meir irriterande på nettet enn å gå inn på ei side og finna ut at informasjonen er blitt flytta rundt utan at det er lagt inn peikar til kor informasjonen ligg no. Brukarar av UiB-weben kan fort finna ut at det er noko som er meir irriterande: At ikkje berre er ting flytta, informasjonen finst ikkje eingong der lenger. At det er nødvendig med rydding i UiB sine websider er openbart. Men det er tvilsomt at å radera ut heile UiB sin web og erstatta den med ein ny ved eit trylleslag er er rette måten å gjera det på. Derimot er det fleire argument for å la det vera ei gradvis overgang til ein ny eksternweb. - Redaktørane og innhaldsprodusentane må få tid til å generera og overføra informasjonen til den nye eksternweben. No er det tenkt at alt dette arbeidet skal skje i desember-januar. Midt blant avslutninga av haustsemesteret, starten på vårsemesteret og juleferien er det meininga at folk skal finna tid til å leggja ut all informasjon dei meiner treng liggja på eksternweben. - Eksternweben er enno knapt funksjonsklar. Når dei opner må ein rekna med litt startvanskar. Særleg vil ein nok oppdaga ein god del informasjon som høyrer heime i eksternweben som ikkje passar inn i malane der. Dette må me tru vil bli fiksa etterkvart. Men kva skal ein gjera i mellomtida? Skal alle som har informasjon som ikkje passar inn berre la den liggja i skuffa medan dei ventar på at eksternweben blir oppdatert? - Sidene i dag inneheld ein god del intern og halvintern informasjon som ikkje skal liggja i den nye weben. Dette er typisk informasjon frå instituttet til samarbeidskontakter, eller informasjon som skal til både studentar og tilsette, som ein ikkje ønsker å skjula bak eit passord. Kva skal ein gjera med denne no? Det er ikkje eit alternativ å leggja den inn i intranettet for dei alle fleste. Om ein ser bort i frå dei tvilsomme kvalitetane til intranettet og at det ikkje er tilgjengeleg for halvparten av UiB-brukarane er det endå ein grunn til å ikkje bruka tid på å flytta informasjonen inn der. Intranettet skal over på same platform som eksternweben, så all informasjon ein legg inn der må ein snart leggja inn på nytt i neste generasjon intranett. - Nettadresser. URL-ar frå UiB er vidt spreidd, ikkje berre på andre websider, men og i e-postar, artiklar, brosjyrer og papirbrev. No er det slik at ein ikkje har kunna senda ut ein URL som peiker inn i UiB - ein veit ikkje enno kva adressene blir. - Ein god del informasjon, særleg på underdomene ligg i publiseringssystem, og vil bli svært vanskeleg å få tak i for overføring til nytt system dersom desse sidene blir stengte. Det gjeld og ein del vanlege sider, redaktørane vil slita fælt med å finna informasjonen dersom den er heilt borte frå web. - Google-ranking. Når ei side på nettet endrar adresse utan omdirigering er det ikkje berre irriterande for brukarane. Det gjer og at sidene mister Google-rankinga si. Det gjer at ei side som kjem høgt i google-treff vil mista plasseringa si og starta heilt på nytt. Dette kan ein unngå ved å la gamle sider omdirigera til nye. Det betyr og at ein må tenka på desse tinga før ein innfører eksternweben, når sidene har vore utilgjengelege ei stund er det for seint å retta opp. Det er ikkje tekniske grunner til å gjera dette. Det er ein teknisk grei sak å la gamal og ny web eksistera jamsides i ein overgangsperiode. Anten ved å la den gamle nettstaden få nytt namn, og henvisa til denne når det ikkje er treff i den nye, eller å rett og slett visa det gamle innhaldet på www.uib.no der det ikkje er treff i den nye weben. For å få ein smidig overgang bør UiB gjera to ting: - Ha ein overgangsperiode der både nytt og gamalt innhald er tilgjengeleg. - Oppretta ein omdirigeringskatalog der webansvarlege for domene kan leggja inn omdirigeringar frå gamle til nye adresser.