Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Med blanda undring har eg lese innlegg i rektorvalkampen frå Ørjar Øyen (På høyden 13.03., B.T. 24.03) og Ole Didrik Lærum (På høyden 20.03.). Når heidersmenn som eg har stor respekt for, vurderer lokal og nasjonal universitetspolitikk så annleis enn eg sjølv, kan eg kome i tvil om gehalten i mine eigne synspunkt. Men når desse røynde personane samstundes grip til slagord og dikotomiar for å analysere universitetslivets tilstandar, undrar det meg like mykje. Sant nok: I politisk strid har kattane lag med å vere anten kvite eller svarte. Men treng dei vere det i akademiske samanhengar? Skal universitetet vere eit breiddeuniversitet eller ei eliteuniversitet? Det førekjem meg å vere éin slik falsk motsetnad. Moderne universitet av UiBs storleik er og vil halde fram med å vere breiddeuniversitet. Det presserande problemet er å sikre og styrke kvaliteten – i undervisning, rekruttering, administrasjon og først og sist: i forskning. Til det trengs ikkje berre meir pengar, men kloke strategiar for fordeling og omfordeling av ressursar, og handlingsplanar med substans. Nok ein forenklande motsetnad: Skal universitetet styrast etter ein demokratisk modell med valde leiarar eller etter ein ”autoritær” modell med tilsette leiarar? Alle med litt røynsle veit at leiarskap utan legitimitet er like verdilaust som demokrati utan leiarskap. Ved norske universitet og høgskolar praktiserer ein i dag ulike styringsformer, utan at den eine eller den andre institusjonen har kjørt seg i grøfta av den grunn. Til sjuande og sist er leiarskap eit spørsmål om personlege eigenskapar: klokskap, evne til å lytte, begeistre og få folk med seg, handlekraft. Skal universitetet vere autonomt i forskning og strategisk handling, eller ofre sine grunnverdiar på kommersialismens alter? Dette er kanskje den mest tilslørande av alle dikotomiar i denne valkampen. Så vidt eg veit, går omlag 90% av universitetets basisbudsjett i dag til lønn. MatNat-fakultetet finansierer 50% av forskninga si ved eksterne midlar. At auka offentlege løyvingar til sektoren sit lengre inne nå enn for nokre få år sidan, er ingen dristig påstand. Det finst forskningsområde som alltid har hatt nytte av samarbeid med næringslivet, både når det gjeld impulsar og ressurstilgang. Og det finst forskningsområde som i all hovudsak må basere seg på basisløyvingane. Betre tilgang på eksterne midlar vil i dagens situasjon lette presset på oss alle, kanskje ikkje minst på oss som ikkje har så mange pengebingar å suge frå. Eg er redd at institusjonar som vi burde samanlikne oss med (NTNU, UiT), har vore flinkare til å identifisere desse utfordringane enn dagens UiB. Sidan Ole Didrik Lærum viser til Stjernø-utvalet, vil eg minne om at uansett kva slags oppfatningar ein har når det gjeld utvalets konkrete framlegg, så inneheld innstillinga ein situasjonsanalyse som det ville ha vore verdt å ta inn over seg og diskutere. Ein slik open og fordomsfri diskusjon fekk UiB diverre ikkje. Før dokumentet var offentleg tilgjengeleg, gjekk rektor Grønmo ut og avviste det heile på vegner av oss alle. Eg går med på at han dermed synte stor handlekraft. Men handlinga sette samstundes bom for det som kunne ha vore ei open demokratisk rådslaging ved institusjonen. Som ein av svært få ved HF-fakultetet er eg med og støttar Rolf Reeds rektorkandidatur. Det gjer eg ikkje fordi eg ønskjer alt vel for dei fakulteta som har samla seg bak hans kandidatur, og ei vanskeleg framtid for dei som støttar Sigmund Grønmo. Men at UiB går til rektorval som eit meir polarisert universitet enn eg kan hugse frå mi 43 år lange tenestetid, gir grunn til ettertanke. Eg er overtydd om at framgang for heile institusjonen inneber framgang for dei enkelte fakulteta. Difor trengs ein offensiv strategi som identifiserer reelle utfordringar og utformar samlande handlingsplaner. Vi er i ei tid der ingenting er ved det gamle, og der vegen framover ikkje kan gå bakover.