Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dei vestlege samfunna sine særpreg må mellom anna forståast i samanheng med ein finstemt balanse mellom den rasjonelt - byråkratiske staten, det private føretak som er orientert etter fredelege profittsjansar, det demokratiske og sivile samfunnet og universiteta med ein kollegial forvaltning. Dersom vi kan vera samde om at universiteta har vore eineståande institusjonar, kvifor vert dei då omdanna til føretak, og kvifor går ikkje påverknaden andre vegen, slik at føretak i næringslivet kan bli organiserte som eit universitet? Næringslivet har mykje å læra av korleis ein forskarfellesskap fremjar kollektiv kreativitet og kontinuerlege innovasjonar, og utan å gjera bruka av verken profittmotiv eller byråkratisk kontroll. Vi har heller sett framveksten av ein slags føretakskolonialisme: Universiteta er omforma til føretak, der verksemda blir styrt etter tal på studentproduksjon og produksjon av forskingsarbeid. Dette er bygt på ein grunnleggjande føresetnad om at vitskapleg kvalitet direkte vert avspegla i vitskapleg kvantitet, noko som mellom anna må sjåast i samanheng med såkalla ”New Public Managment” som legg vekt på kvantifisering av mål og resultatstyring. Er det ikkje ein fare for at desse kvantitative middel, gradvis vert omdanna til sjølvstendige mål for forskinga og utdanninga ved universiteta? I samband med denne nye føretaksmodellen har vi også fått ein ny form for leiarskap ved institutta. Tidlegare vart instituttleiarane valde mellom like men og - kvinner i ein kollegial fellesskap, no blir instituttleiarane tilsette som ein slags hybrid direktørfigur, som både er medlem av kollegafellesskapen og som er ein person som representerer eksterne interesser. Desse nye ”direktørane” skal no evaluerast gjennom standardiserte spørsmål utarbeidd av eit konsulentfirma (Hartmark Consulting). Det er liten tvil om at det stundom er rasjonelt å sjå sin eigen praksis frå utsida, og difor kan vi sjølvsagt bli klokare på oss sjølve gjennom blikka frå eit konsulentbyrå. Dette blir motivert slik i undersøkinga: ”Ved å spørje andre om hvordan de oppfatter sin nærmeste leder vil man oppnå økt innsikt om andres oppfatning av en selv. Dette vil være en kilde til læring og utvikling som man ønsker ved UIB”. Men likevel synest det for meg at kunnskapsamfunnet vert snudd på hovudet når vi som er ekspertar på kunnskap og vitskapleg rasjonalitet skal blir vurderte av eit konsulentbyrå som ikkje har forskarkompetanse som eit grunnlag for verksemda si! Med eit poetisk klingande omgrep vil eg påstå at dette er konsulentbyråkolonialisme! I samband med denne undersøkinga har vi som er tilsette ved institutta fått eit spørjeskjema i e-posten, som vi skal svara på bak våre PC-skjermar. Eg fann dette spørjeskjemaet litt merkeleg, fordi eg tenkte at vi kunne evaluera leiaren vår gjennom andlet til andlet samtalar, altså ein open diskusjon. Eg oppdaga nokså snøgt eit ubehag ved desse spørsmåla, fordi det var så vankeleg å få mi subjektive meining og vurdering til å harmonera med dei standardiserte svaralternativa. Og svara mine glei etter kvart over frå å vera ein forsøksvis refleksjon over ei meining til å bli ein refleks, dvs eg svara gradvis meir og meir ”veit ikkje”, eller så hamna eg på ein mellomkategori i måleskalaen. Ingen grundig ettertanka og refleksjon altså, berre ein spontant og refleksaktig stimulus –respons åtferd, noko som liknar på ei rotte sin veg i ein kompleks og kaotisk labyrint. Er det verkeleg mogleg at det som for meg syntest meiningslaust, gjennom eit trylleslag, kan bli omdanna til rasjonell kunnskap om vårt institutt? Eg kjende etter kvart ikkje berre eit ubehag ved dette at spørsmåla ikkje gav meining for meg, men eg kjende også eit moralsk ubehag, fordi eg vart konstituert som ein anonym pc-pøbel, som på ein fullstendig amoralsk måte kunne svara kva som fall meg inn. Våre sosiale og moralske relasjonar ved instituttet vart med denne undersøkinga omforma til abstrakte og tinglege relasjonar, som var formidla gjennom sendeknappen på pc-en min. Eg kjende meg som ein angjevar, ein som utan å bli stilt til ansvar kunne, om eg ville, kritisera leiaren min. Mine ureflekterte spontane svar sto brått fram som eit grunnlag for min kollega si vurdering av seg sjølv. Eg tenkte meg også at ein leiar, som eventuelt fekk ei dårleg tilbakemelding gjennom desse abstrakte og kontekstuavhengige responsane, ville stilla eit naturleg spørsmål: Kven av mine medarbeidarar er det som er misnøgde? Ein leiar vil i ein slik situasjon ikkje ha stort andre val, enn ein generell mistanke og mistillit til alle, og dette er absolutt det dårlegaste grunnlag for einkvar autoritet! Dette med denne spørjeundersøkinga er kan henda ein liten detalj, men denne detaljen kan også seia noko vesentleg om kulturen og samfunnet sine djupaste meiningar og verdiar! Eg vil tru at den generelle lærdommen av dette spesielle dømet kan vera: Det er ein indre samanheng mellom ein føretaksmodell, bruk av objektiv og standardisert kunnskap og oppløysing av moralske fellesskap. Dersom alle institusjonar i samfunnet vert organiserte som private føretak, vil desse verksemdene også verta knytt til kvantifisering, målstyring, og difor også ein objektivistisk kunnskapsmodell. Kunnskap som vert utvikla frå deltaking og kommunikasjon innanfor ein fellesskap vert fortrengt til fordel for kunnskap som er standardisert og abstrahert, ein slags kontekstuavhengig objektivisme. Dette vil svekka moralske fellesskap, slik som ein kollegafellesskap, som utviklar kunnskap om si eige verksemd gjennom diskusjon og kommunikasjon. Eit føretak kan vera forankra i isolerte individ, kvantitative mål og objektiv kunnskap. Eit universitet bør forankra verksemda si i ein forskarfellesskap, og vi treng ein fenomenologisk inspirert kunnskap om denne livsverden. Dette er ein kunnskap som spring ut av intensjonalitet, kvalitet, interesser og subjektiv meining. Denne deltakande og kommunikative kunnskapen, kan ikkje kvantifiserast i ein føretaksplan, eller studerast gjennom dei standardiserte spørsmåla, frå ein objektiv observatør! (Se også tidligere artikkel i På Høyden: “Nytt styrkemiddel for ledelsen”)