Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Underskrivne har ein uvane: Eg brukar lesa uib magasinet. Det er eg lei for. Ikkje berre tapar eg tid; eg får også skjeivt inntrykk av moder-institusjonen. Nesten alt stoffet er no skrive av mediafolk og innhaldet har neglisjerbar fagleg verdi. I nr. 4 dette året, som synes representativt, finn eg 3 artiklar av Hilde Bøyum og 5 av Hilde Kvalvaag Bang. Begge er produktive journalistar som burde sleppa desse oppgåvene. Nr. 5, 2001 er tilsvarande komponert. Det portretterer ein professor som har reist 14 gonger dette året, men planlegg 8 utferder til. Dessutan „mangler det ikke papir på det enorme skrivebordet hans.” Ein annan professor er omtalt som „engasjerende og levende”. Han „spiller rollen som vitebegjærlig i ny tv-serie han selv er manusforfatter for.” Alt dette er umåteleg interessant og sjølvsagt svært gledeleg, men hverken særleg opplysande eller fengande.
Eg saknar gjennomarbeid stoff - helst doggfriskt og direkte frå kjelda - signert av utmerka fagpersonar, av forskarar som skyr trivialitet og imposant postmodernisme - som byr lesaren kunnskap. Eg trur vitskapsfolk har mykje å fortelja, og mange manglar ikkje evne. Magasinet gir no mistanke om det motsettte. Det faglege kollegiet - den delen som enno ikkje ser på alt som tekst eller bilete - blir gissel for journalistisk interesse og (u)forstand. Dette skadar universitetet sitt omdøme, svekker kunnskapsproduksjonen og undervuderer lesarkretsen.
Kva bør ein så gjera? Eg foreslår: Tilset ein meritert, velformulert, tenkande fagperson som redaktør på åremål. For kvar godtatt artikkel får vitskapleg forfattar kr. 30.000 til fagleg disposisjon. Med 6 nr. per år og 5 gode artiklar i kvart av desse, utvalgt i skarp konkurranse, ville samla forfattarkostnad bli kr. 900.000.
Det systemet kunne gi innsparing, betre kvalitet, meir passande orientering, fleire lesarar, gode faglege insentiv, meir synleggjering, og større respekt for essay og populærvitskap. Dessutan: kan vi ikkje prøva å meddela oss - i vårt eige blad - utan journalistar som mellommenn? Eg samanliknar føreliggande uib magasin med SNF sin ypparlege bulletin og skjemmes over kvalitetsskilnaden.