Valordninga som vert brukt ved UiB er ein demokratisk parodi

Publisert

Preferanseval er ei komplisert ordning som tek sikte på at dei personanene som har størst tillit vert valde. Det er svært demokratisk. Men likestillingslova sine krav trumfar veljarviljen. Alle valresultat kan gjerast om dersom veljarane ikkje har røysta rett med omsyn til kjøn.

Ved valet på dei tilsette sine representantar til styret i Universitetsbiblioteket vart kjønnskvoteringesregalene tekne i bruk maksimalt. Det skulle veljast to medlemer og to varamedlemer til styret. Dei fire med flest røyster var alle kvinner. Difor vart to menn kvoterte inn.

Manipulering av valresultat er direkte udemokratisk. Kva verre er fører bruken av likestillingslova ved vala på UBB til at styret ikkje vert representativt for veljarane. Eit stort flerital av dei tilsette ved UBB er kvinner. Kjønnskvotering vart i si tid teken i bruk for auka representasjonen av kvinner i folkevalde organ. Målet var og er at slike organ skal vera sosialt representative for veljarane med omsyn til kjøn.

Så vidt eg veit vert likestillingslova ikkje brukt ved val til til dømes instituttstyre o.l. Det er underleg, for ikkje å bruka sterkare ord, at ho vert bruk ved val av dei tilsette sine representantar i styret i ei verksemd.

Powered by Labrador CMS