Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I løpet av helga har BT trykt ein serie artiklar med følgjande avslørande historie: Rektor ved universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo, gjekk til val på eit program for meir makt til dei fagleg tilsette ved universitetet, han vann valet og heldt løftet, og nokre av dei som dermed mista makt har vorte misnøgde. Eigentleg ganske føreseieleg og keisam lesnad. Men brått fekk eg eit syn, og såg føre meg følgjande overskrifter i BT neste laurdag og søndag: ”Sjølvgode Sunde”, og ”Kødden Sunde må gå!”. Lat meg forklara bakgrunnen for den, for meg, urovekkjande hildringa, og vonleg på den måten seia noko om kvifor BT ikkje burde ha publisert denne historia i det heile. Eg er til dagleg professor ved Det juridiske fakultet i Bergen, og har fagansvaret for Rettshistorie og komparativ rett. Det er undervisning og eksamen i faget for om lag 350 studentar kvar vår, og vi er om lag 10 personar som arbeider intenst med dette i løpet av 3 månadar kvart år. Eit slikt fagansvar er altså nesten som å styra eit lite føretak fram til endeleg sensur på eksamen. Normalt får nokre få A som beste karakter, nokre fleire får B, storparten får C, medan resten får enten D, E eller stryk. Og så har ein dei som ikkje oppfyller kravet til deltaking i undervisninga og ikkje får ta eksamen i det heile. Ikkje overraskande er det slik at dei som får A, B eller C gjerne er ganske nøgde med undervisning, pensum og eksamensoppgåver, medan dei som får D, E eller stryk er aukande misnøgde. For ikkje å snakka om dei som ikkje får ta eksamen i det heile. Lat oss tenkja oss at ein av desse sist nemnte har ein ven som er journalist i BT, og ved fleire høve fortel om det riv ruskande galne professorveldet ved Det juridiske fakultet, og ikkje minst Kødden Sunde som styrer eineveldig over eit fag med dårleg undervisning, uinteressant pensum, og umogelege eksamensoppgåver. Lat oss vidare tenkja oss at journalisten deretter ringjer rundt til 30 personar som fekk D eller dårlegare karakter for å høyra kva dei meiner. Truleg vil desse i større eller mindre grad stadfesta biletet av eit dårleg leia fag. Så ringjer journalisten til den tidlegare fagansvarlege, som framleis er sur for at faget vart endra etter at han vart pensjonist. Dermed er alt duka for at studenten som ikkje fekk ta eksamen vert intervjua under overskrifta ”Kødden Sunde må gå!”, og den pensjonerte professoren under overskrifta ”Sjølvgode Sunde”. Ville det no ha vore så galt med slike overskrifter i BT neste helg? I det minste ville ein ha oppnådd ”åpenhet” om mitt fag, innhaldet i det, og måten det vert leia på. Men kva er verdien av ein open diskusjon når grunnlaget for den er anonyme påstandar, noko som gjer at det er umogeleg å gjera seg opp ei meining om kva som er den mogelege intensjonen bak dei? Dersom eg ringde rundt til 30 personar i BT som står i fare for å mista jobben sin, ville dei i så fall skryta uhemma over redaktør, direktør og styret? Ein kan sjølvsagt hevda at det finst eit visst talmateriale, og at det er ingen røyk utan eld. Dette er den orsakinga ein kvar som har spreidd sladder gøymer seg bak. Men så lenge den viktigaste kjelda for at noko er galt er påstandane til ei handfull anonyme personar, så er det kanskje ikkje noko som er galt. Og det som faktisk er galt, er å insinuera at noko er galt. Forvirrra? Ikkje etter neste BT-oppslag om vanstyret på universitetet i Bergen.