Hans Ebbing og Tor Halvorsen

Vitskapen og demokratiet – kven formar politikken?

Publisert

På det siste møtet i Forum for Vitskap og Demokrati fredag 13. september viste ein av innleiarane Peter M. Haugan, til Perspektivmeldinga frå Finansdepartementet (Meld. ST. 12 (2012-13). Denne meldinga gir ein trend-analyse av mogleg utviklinga for norsk økonomi fram mot 2060. Som det heiter på s. 131 «Langsiktig fremskriving er et nyttig hjelpemiddel for å kartlegge utfordringer og valgmuligheter i den økonomiske politikken».

Peter M. Haugans var kritisk til oljeøkonomien, energipolitikken og den grunnleggande føresetnaden i Perspektivmeldinga om at framtida skal bygge på den same økonomiske veksten og den same fordelinga mellom offentleg og privat økonomi som før.

Når slike føresetnader ikkje blir diskutert eller vurdert blir det gitt lite rom for andre val eller for politiske vurderingar av alternative løysingar på dei utfordringane vi står overfor.

Også på det komande møtet i Forum for Vitskap og Demokrati vil vi stille spørsmål ved implisitte føresetnaden som (m.a.) Perspektivmeldinga bygger på, men ikkje drøfter. Ikkje berre er økonomisk vekst slik vi kjenner den ein ikkje-problematisert føresetnad, men og det at vi ikkje kan eller skal auke skattenivået, m.a. for å styrke den offentlege sektoren.

I følgje St. meldinga vil vi i 2060 ha ein markant inntektssvikt til staten (s. 122). Dekkinga av denne inntektssvikten kan skje med rasjonalisering av offentleg sektor i følgje trendframskrivingane. Men først og fremst må vi arbeide lenger fordi vi lever lenger, slik pensjonsreforma i framtida søker å motivere oss til, og vi må arbeide meir og ha eit meir «fleksibelt arbeidsliv». Fleire av velferdsstatsytingane må og knytast til former for arbeidsplikt, brukarbetalingar, sterkare kontroll med legane som portvaktarar til velferdsstatens tenester, for å nemne noe.

Men kvifor ikkje auka skattenivået for å ta vare på eit sosialt arbeidsliv, ein velferdsstat og ein sterk offentleg sektor?

Perspektivmeldinga, eit av dei viktigaste dokumenta for det politiske Noreg, med stor kontinuitet på tross av regjeringsskifte, viser gjennom sine mange referansar at det bygger på sentrale institutt og sentra for økonomisk analyse (i tillegg til det alltid viktige Statisk Sentralbyrå). I tillegg til råd frå vår eigen økonomprofesjon, kjem dei vitskaplege råd frå OECD, særleg om finansiering av norsk offentleg sektor. Samspelet mellom økonomprofesjonen slik den står fram i Perspektivmeldinga og OECD gir den økonomiske eksepertisen ei sterk og tilsynelatande einsarta stemme innan den politiske debatten.

Men nokre alternative stemmer kritiserer Perspektivmeldinga og dei skjulte føresetnadene som denne meldinga og difor mye av norsk offentleg politikk bygger på, slik t.d. Peter M. Haugan gjorde i debatten om energipolitikken og oljerealtert forsking. I denne både fagleg og politiske diskusjonen blir «vekst og velstand» (i tillegg til miljø- og energipolitikk) blir vi introdusert til alternative økonomiske vurderingar som elles har lite plass.

Fredag 18 oktober (kl. 14.15, Speilsalen, på Kvarteret) vil tidlegare stortingsrepresentant og handelsminister Hallvard Bakke og professor Jan Erik Askildsen (Økonomisk institutt ved UiB) ta fatt i denne debatten om dei grunnleggande økonomiske føresetnadene for det framtidige «gode samfunn» .

Forum for Vitskap og Demokrati inviterer med dette til diskusjonen både om korleis vitskap og politikk verkar saman og former etablerte sanningar, men og korleis samspelet mellom politikk og vitskap kan skape debatt om alternativ i demokratiets namn.

 

Powered by Labrador CMS