Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Alle menneske er musikalske, seier professor Brynjulf Stige. Musikkterapistudentane brukar musikk og musikalitet for å hjelpa andre.
– Denne songen hugsar eg frå eg var 13-14 år og forelska i dei kjekke gutane på Osterøy. Camilla Hay smiler. Sekund etter strøymer «Digger deg» frå Sesam Stasjon ut av høgtalarane: «Jeg digger, digger, digger, digger deg – du er så søt og snill og grei…» Førsteårsstudentane på musikkterapistudiet sit i ein stor ring. Ein etter ein skal dei presentera musikk som betyr eller har betydd noko spesielt for dei. – Musikk og identitet er knytta saman. Før ein kan hjelpa andre, må ein kunne si eiga historie, seier Viggo Krüger. Den tidlegare Pogo Pops-gitaristen var den første som tok doktorgrad i musikkterapi ved UiB. No er han førsteamanuensis ved Griegakademiet. Heile skalaen – Terapi er ei av praksisformene, men ein jobbar òg med helse i mykje vidare forstand, både i form av palliativ omsorg og førebyggjande og helsefremjande arbeid. Det seier Brynjulf Stige. Han er professor ved Griegakademiet og forskingsleiar ved Gamut (Griegakademiets senter for musikkterapiforsking). Gamut er eit samarbeid mellom Uni Helse og UiB, medan studiet er lagt til universitetet. – Me er stolte over namnet. På engelsk tyder «gamut» «heile skalaen». Det er nettopp spennvidde som skal kjenneteikna senteret vårt, både tematisk og metodisk, seier Stige. Barnevern, fengsel, psykisk helsevern, sjukeheimar, barnehagar og barneskule. Musikkterapeutar vert nytta stadig fleire stader. – Innan helsevesenet ser me til dømes at det er aukande interesse for fagfeltet. Det hadde vore useriøst å møta denne interessa utan solid forsking, meiner Stige. Dei einskilde historiene – Musikk er ofte knytta til overgangar, mellom anna overgangen mellom barn og vaksne. Det er greitt å ha eit reflektert forhold til det når ein skal jobba med ungdom, seier Viggo Krüger. Han jobbar sjølv med barnevernsbarn, og er oppteken av kva fritidstilbod dei som bur på barnevernsinstitusjonar har, mellom anna i form av tilgang til instrument og kulturskuletilbod. Krüger er òg oppteken av det narrative perspektivet. – Ein kan bruka musikk, kanskje særleg barnesongar, til å pirka borti den einskilde si historie. Dette skal ein sjølvsagt ikkje gjera utan at ein veit korleis ein skal handtera det. Samstundes kan ein gjennom musikken laga nye historier om seg sjølv – der ein er helten. – Alle er musikalske – Me meiner at musikalitet er ein eigenskap eller moglegheit hos alle. Biologisk forsking peikar i same retning; musikalitet er knytt til menneske som art. Mellom anna har me eit medfødd forhold til puls, seier Stige. Han seier at ein veit at hørsel er ein viktig del av eit foster si oppleving av verda, frå og med tjuande veke. – Ein veit òg at spedbarn ikkje berre treng mat og tryggleik, men at dei òg reagerer på lydar og rørsler. Menneske er fødde med sensitivitet for lyd og ein motivasjon for å bruka dette i samspel med andre. Dette kallar ein protomusikalitet eller kommunikativ musikalitet , seier Stige. Han seier at forskarane ønskjer å vera eit korrektiv til at musikalitet er for dei få utvalde. – Eg plar samanlikna det med språk. Det er noko dei fleste menneske utviklar – men ikkje alle vert poetar. På same måte er det nokre få som vert profesjonelle musikarar. Svein Gustav Hoff og Kjetil Andreas Nydal har klassisk gitar som hovudinstrument. Når andreårsstudentane lærer om blues, spelar dei òg piano. Elise Marie Hansen i bakgrunnen på gitar. Ho er songar og kornettist. Vil ha dei fleksible og allsidige – Studentane må gjennom ein opptaksprøve for å koma inn. Me ser ikkje etter dei med smalast kompetanse på eitt instrument, men meir etter dei som er allsidige og fleksible og som har kontakt med musikken, seier Stige. – Ein skal bruka musikken til å møta menneske. Då må ein òg kunne møta dei på deira heimebane både sjanger- og instrumentmessig. Dersom ein er ein stad og skal leia song, og finn ut at D-dur vart litt for høgt, må ein kunne transponera til Bb-dur der og då, illustrerer professoren. I Gunnar Sævig sal på Griegakademiet sit ein klassisk gitarist bak slagverket. Ein songar spelar gitar, ein annan tamburin, og messingblåsarane har fått utdelt gitar. Slik er det når andreårsstudentane lærer om samspel. – Ein må kasta seg ut i det ukjende, og ein må støtta kvarandre, seier Krüger. Gitaristen demonstrerer blåtonar og vibrato før gruppa igjen byter plass. – Me jobbar med bluesimprovisasjon, mest på gitar, men òg på piano. Det er nokre her som ikkje har spelt bass og gitar før, seier Krüger. – Ein, to, tre, fir, slår Svein Gustav Hoff. Han har klassisk gitar som hovudinstrument, men har no sett seg bak slagverket. Viggo Krüger instruerer Marianne Høgalmen på bass, Malena grov Ottesen på gitar, Jørgen Aasen Berget på tamburin, Gerd Karine Lunde på gitar og Synne Røli på slagverk. Effekt på schizofreni – Krüger sin praksis har ein samfunnsfagleg dimensjon. Han jobbar med barnevernsbarn, men han er òg oppteken av kva haldningar samfunnet har til barnevernsbarn, seier Stige, som er glad for å høyra til eit breiddeuniversitet. – Det er ein fordel, meiner han. – Musikkterapifaget må ha ein basis i musikken, men samspelet med medisin, psykologi og samfunnsvitskapane er heilt naudsynt. I dag har dei fleste tilsette ved Gamut reine akademiske stillingar. Stige seier at dette har vore naudsynt i den oppbyggingsfasen faget har vore i ved UiB. – Men som fag treng me at forskarane våre har kontakt med praksisfeltet. Me ønskjer difor no å tenkja på same måten som til dømes Det medisinsk-odontologiske fakultet med delte eller kombinerte stillingar. I tillegg ønskjer me å sikra samspel gjennom nettverk og prosjekt, seier Stige. Han fortel at gjennom metaanalysar har forskarar frå Gamut vist at menneske med schizofreni har klare effektar av musikkterapi. Ein veit òg at menneske med demens kan kjenna at musikk og kanskje synga med – sjølv om dei elles knapt har språk. – Tabloid sagt kan ein seia at evna til å høyra og oppleva meining i lyd og musikk er noko av det første som kjem og siste som går her i livet, humrar Stige. – Men me ønskjer å forstå meir av korleis det har seg og òg meir forsking for å forstå effektane av musikkterapi. Noko av det studentane skal læra, er å støtta kvarandre. Kjetil Andreas Nydal har klassisk gitar som hovudinstrument. Her viser han Malena Grov Ottesen og Jørgen Aasen Berget nokre triks.
Enkelt sagt handlar musikkterapi om forholdet mellom musikk og helse. I USA har det vore eit universitetsfag sidan 1940-talet, medan det i Norge ikkje vart eit eige fag før på slutten av 1970-talet.
Førsteårsstudentane snakkar om identitet og om korleis musikk kan verta brukt til å seia noko om kven ein er.
Men kva er det med musikk?
Viggo Krüger tok den gamle vegen: Fag frå UiB, vidareutdanning i musikkterapi. Deretter hovudfag og så doktorgrad. I 2006 vart utdanninga flytta frå Høgskulen i Sogn og Fjordane med studiestad Sandane til UiB. Frå 2010 er utdannina eit femårig integrert masterprogram.
Brynjulf Stige vil gjerne ha fleire som Viggo Krüger: Tilsette som både jobbar ute med praksis, og som i tillegg forskar.