Slik ser mykje av det små jenter får ut: Rosa pastell. Men kvifor føretrekkjer jentene sjølve leikar og klede i denne fargen? Cordelia Fine meiner det handlar om sosialisering og miljø. Foto: Colourbox

Dei rosa jentene

Publisert

Må jenter velja rosa? Og kvifor gjer dei det? Dette handlar om miljø, meiner forskar Cordelia Fine.

– Kvifor må jenter kjøpa rosa ting? Nokre jenter likar superheltar, og nokre likar prinsesser. Nokre gutar likar superheltar – og nokre likar prinsesser.

Slik argumenterer den vesle jenta i leikebutikken, omgitt av rosa leikar på alle sider.

Men kvifor er det slik at barneromma til jenter på hennar alder stort sett er – pastellfarga? Er dei fødde til å lika rosa, eller er dei oppdregne til det?

– Veit kor dei høyrer til
Cordelia Fine meiner at det er det siste som er viktig. Den australske psykologen og forskaren vitja UiB tidlegare denne veka. Ho er kritisk til fokuset som har vore på biologi.

Fine viste til undersøkingar i laboratorium. Dei viser at gutar og jenter vel ulike leikar. Men kvifor gjer dei det?

– Gutar og jenter ser tidleg kodar knytt til kjønn, og allereie frå treårsalderen veit dei kor dei sjølve høyrer til. Dei prøver å likna på dei som liknar dei sjølve, sa Fine under seminaret i regi av Senter for kvinne- og kjønnsforsking (Skok).

Dersom ein klassifiserer leiketøy i gute- og jentekategori, vil ein finna at dokker og dyr er tenkt for jenter, saman med leikar som opnar for samarbeid. Guteleikar er meir fysiske og opnar for konstruering.

– Leiketøysindustrien viser til at dei leikane dei får tilbod om er det barna, og biologisk, ønskjer seg, sa Fine.

Òg i fargeval er leikane ulike. Jenteleikar finst ofte i pastell.

– Undersøkingar viser at jenter med CAH er mindre interessert i jenteleikar når die får velja fritt. Men viser dette eigentleg at desse jentene likar aktive leikar best, spurde Fine.

CAH står for Congenital Adrenal Hyperplasi, som betyr forstørra binyrer. Ein enzymsvikt i binyrebarken fører til for låg produksjon av hormona kortisol og aldosteron og for høg produksjon av androgene hormon og testosteron. For nokre av barna som vert fødde med CAH kan det vera vanskeleg å seia sikkert kva kjønn dei har.

Menn på topp og botn
Fine meiner at kjønnsskilnader vert til gjennom eit samspel mellom hjerne, gener og miljø, og at det biologiske er startpunktet.

Ho fekk støtte frå fleire andre forskarar. Kari Jegerstedt, førsteamanuensis ved Skok, likar ikkje fokuset på natur.

– Tenk til dømes på spørsmålet «kvifor les menn og kvinner ulike bøker». Er det sant at det er slik? Er det naturleg at det er slik? Skuldast det sosialisering? Eller skuldast det marknadskrefter? Og er spørsmålet rett? Når ein snakkar om at jenter likar rosa må ein ikkje gløyma at det ikkje er lenge sidan rosa var sett på som ein maskulin farge, sa Jegerstedt.

– På 1970-talet droppa ein alt fokus på biologi. Ein såg på kjønn som noko som var lært.

Det sa professor emerita Kari Wærness. Ho viste til at ho som jente ikkje var interessert i å leika med dokker – og seinare studerte ho matematikk. Etter det igjen tok ho hovudfag i sosiologi og vart professor.

– Eg meiner det er på tide å ta opp igjen Alice Rossi sine idear, sa Wærness.

Den amerikanske feministen og sosiologen meinte mellom anna at den kulturelle skilnaden mellom men og kvinner ikkje berre skuldast sosialisering, men at skilnadane òg skuldast biologiske ulikskapar.

– Dersom det er biologiske skilnader, er det no slik at jenter er meir tilpassa enn gutar? I samfunnet er det flest menn på toppen – men det er òg flest menn på botn, sa Wærness.

Biologi-ulven
Finst det ein biologisk skilnad? Ja, ein kvinne- og ein mannshjerne er litt ulike. Menn har litt større hjerne, og under kognitive testar kan ein sjå aktivitet i ulike delar hos ei kvinne og ein mann.

– Men betyr det noko, spurte Kenneth Hugdahl, professor ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi.

Han la vekt på at alle mentale og kognitive fenomen kan verta studerte på ulike nivå, som sosialt, klinisk og kognitivt, men at ein skilnad på eitt nivå ikkje treng å bety at det er skilnad på andre nivå.

Hugdahl viste til at kvinner og menn ofte får ulike hjernesjukdommar. Det er fleire menn enn kvinner som får autisme, dysleksi og tourettes, og fleire kvinner som har depresjonar, alzheimer og MS.

– Sjukdommane menn får byrjar ofte i barnedommen, medan kvinnesjukdommane kjem seinare. Det betyr at det nok truleg er nokre biologiske skilnader her. Men desse skilnadane forklarar lite, sa Hugdahl.

– Det er liten grunn til å vera redd for «the big, bad, biology wolf» – han er ganske tannlaus. Men ikkje sei det til nokon, og i alle fall ikkje til media.

Cordelia Fine er psykolog og forskar ved University of Melbourne. Hennar siste bok er «Delusions of Gender: How your minds, society, and neurosexism create difference». Foto: Hilde Kristin Strand
Ja, menn og kvinner sin hjerne er litt ulike. Men betyr det noko, spurte professor Kenneth Hugdahl. Foto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS