Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Frå august får UiB som kjent ny rektor og to ferske dekanar. Men i fakultetsstyra er det òg mange ferske fjes.
Det har vore ein vår med mange val. Etter rektor- og dekanval skulle det òg veljast representantar til dei ulike fakultetsstyra. Oversikta viser at mange av dei som no skal sitja i desse styra er nykomarar. På Høyden har ikkje lukkast i å få oversikt over det nye fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet. Mat.nat Jarle Berntsen, professor ved Matematisk institutt, Vigdis Vandvik, professor ved Institutt for biologi, og Inga Berre, førsteamanuensis ved Matematisk institutt, skal representera dei fast vitskapelege tilsette. Alexander H. Sandtorv, stipendiat ved Kjemisk institutt, representerer dei mellombels vitskapeleg tilsette, og Kristin Kalvik, senior ved fakultetsadministrasjonen, og Terje Restad, administrasjonssjef ved Geofysisk institutt, representerer dei teknisk og administrativt tilsette. Ellen Birgitte Folgerø og Frode Hoang representerer studentane. Vandvik, Kalvik og Hoang er att frå det avtroppande styret. MOF Helene B. Johannessen, som er stipendiat ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, representerer gruppe B, og Janne Molnes, avdelingsingeniør ved Klinisk institutt 2, representerer gruppe C. Det er ikkje avgjort kven som skal representera studentane. Alle i styret er nye. Psykologi Helga B. Urke, stipendiat ved HEMIL-senteret, skal representera dei mellombels vitskapeleg tilsette, og Anlaug Lid, førstekonsulent ved fakultetsadministrasjonen, skal representera dei teknisk og administrativt tilsette. Elfrid Krossbakken, Magne Seierslund og Atle Baaserud skal representera studentane. Styret er heilt nytt, med unntak av studentrepresentant Krossbakken. HF Eivind Kolflaath, førsteamanuensis ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium, Kjetil Berg Henjum, førsteamanuensis ved Institutt for framandspråk, Jill Walker Rettberg, professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Christhard Hoffman, professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, og Randi Rolvsjord, førsteamanuensis ved Griegakademiet, skal representera gruppe A. Gruppe B vert representert av Inga Henriette Undheim, som er stipendiat ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og Anne Hestnes, konsulent ved Institutt for framandspråk, skal representera gruppe C. Linnea Reitan Jensen, Mikkel Anderas Eriksen og Vegard Sørhus er studentrepresentantar. Rolvsjord og Hestnes går laus på sin andre periode i fakultetsstyret. Studentane Jensen og Eriksen har sete eitt år. Juss Professorane Ragna Aarli, Karl Harald Søvig og Hans Fredrik Marthinussen representerer gruppe A, stipendiat Karine Nordtveit og postdok Johan Boucht representerer gruppe B, og rådgivar Jan Erik Hatling gruppe C. Studentane Hannah Sumeja Atic og Øyvind Røed sit òg i styret. Dei to representantane for gruppe B går laus på det andre året sitt.
Fakultetsstyret ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet vert leia av nytilsett dekan Helge K. Dahle.
Styret ved Det medisinsk-odontologiske fakultetet vert leia av dekan Nina Langeland, som nyleg vart tilsett for fire nye år. I styret skal Inge Fristad, professor ved Institutt for klinisk odontologi, Helga Birgitte Salvesen, professor ved Klinisk institutt 2, og Eyvind Rødahl, professor ved Klinisk institutt 1, representera gruppe A.
Dekan Jarle Eid skal leia fakultetsstyret ved Det psykologiske fakultetet. Dei fast vitskapeleg tilsette vert representert av Maurice Mittelmark, professor ved HEMIL-senteret, Åsa Hammar, professor ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Elisabeth Normann, førsteamanuensis ved Institutt for samfunnspsykologi, og Ståle Einarsen, professor ved Institutt for samfunnspsykologi.
Det humanistiske fakultetet har fått ny dekan; Margareth Hagen skal leia fakultetsstyret.
Ved Det juridiske fakultetet skal dekan Asbjørn Strandbakken leia fakultetsstyret.