Heller ikkje ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) blir det valkamp denne våren. Professor og insituttleiar ved Griegakademiet, Frode Thorsen, er einaste kandidat til dekanstillinga. Foto: Hilde Kristin Strand

Ingen kamp om dekanvervet på KMD

Publisert

Professor Frode Thorsen blir truleg dekan på Fakultet for kunst, musikk og design frå hausten av. 

Fredag førre veke gjekk fristen for å nominera kandidatar til dekanvervet på KMD ut.  

Instituttleiar ved Griegakademiet, Frode Thorsen, er den einaste som stiller til val. Som prodekan har han med seg professor ved Institutt for kunst, Anne–Helen Mydland, og som visedekan for utdanning, førsteamanuensis ved Institutt for design, Linda Herfindal Lien.

Med det blir alle institutta på det nyoppretta fakultetet representerte i leiargruppa. 

– I den fasen me er i no, er det i seg sjølv viktig at alle institutta er representerte i dekanatet. Eg ser på det som ein fordel. Eg er veldig fornøgd med at eg får med dei to, og eg oppfattar dei som veldig motiverte for oppgåva, og dei har ein veldig god bakgrunn for å gå inn i slike verv, seier Thorsen. 

Fire av fem fakultet utan val

Intermdekan Gerd Tinglum trer dermed ut av dekanrolla frå august. 

– Omstenda gjorde det slik at eg ikkje stilte til val, seier Tinglum til På Høyden, som ikkje ønsker å kommentera avgjerda ytterlegare. 

Den låge interessa for dekanvervet ved KMD stadfestar tendensen på resten av universitetet. Fire av fem fakultet ved UiB som har ordninga med vald rektor, har berre hatt ein kandidat til dekanvervet.

På Det psykologiske fakultet vart det valkamp mellom Bente Wold og Jarle Eid, kor Wold enda opp med å vinna valet etter at eit overveldande studentfleirtal stemte i hennar favør. 

Les meir: Studentane avgjorde dekanvalet

MOF og Mat.Nat. skal universitetstyret tilsetta dekanar på universitetstyremøtet torsdag. Her er det berre to kandidatar å velja mellom til kvar av stillingane. 

Thorsen: – Synd

Thorsen skulle gjerne sett at interessa for vervet var større. 

– Generelt er det er synd at det ikkje er fleire som stiller til val. Når me har val som rekrutteringsmodell for fakultetet så burde det ha vore fleire som stiller. Men me må forhalda oss til reglementet, og då er det opp til styret om dei vil velja oss. Det må me berre avventa.

Thorsen seier han og teamet er i ferd med å utarbeida ein valplattform som dei vil gå ut med snart, men at det særleg er to ting dei vil legga vekt på.

– Det eine er at me får til gode doktorgradsløp for alle fakulteta sine fagmiljø, det betyr at me må få eit eige kunstnarisk phd-program, med mange nok kandidatar i løpet av nokre år. I tillegg til det må me også sørga for at dei vitskapelege phd-kandidatane på fakultetet får gode forhold. Det er sett i lys av den nye phd-forskrifta. Det er veldig avgjerande for fakultetet.

Det andre Thorsen ser på som svært viktig framover er samlokaliseringa i Møllendalsveien. Kunst og design flyttar inn i nybygget i løpet av sommaren.

– Planen er at Griegakademiet skal bygga på nabotomta. Det er uhyre viktig at me klarer å koma der for at me skal kunna utløysa fakultetet sitt fulle potensiale. Når det gjeld byggeprosjektet så ser det veldig lovande ut. Eg har stadig kontakt med UiB-leiinga, eigedomsavdelinga og Statsbygg, dei jobbar no med eit skisseprosjekt for bygget. Me har ein førsteplass frå universitetsstyret på finansiering. Det ser lovande ut, men det er viktig å understreka at dette er ei svært viktig sak for oss.   

– Utfordrande med omstilling

På kort sikt blir det viktig å få den nye organisasjon til å fungera så godt som mogleg, slik at studentat og tilsette får gode arbeidsforhold, fortel Thorsen. 

– Det er klart at ein slik omstillingsprosess me har hatt no, har på mange måtar vore ei stor belastning for mange. Me har blant anna ei heilt anna administrativ organisering enn det som har vore tidlegare på KHiB og Griegakademiet. Det tar tid å få ting til å verka, eg synest folk gjer ein kjempeinnsats for å få det til, men det er ei stor utfordring som me står oppe i kvar dag, seier han, og legg til:

– På toppen av det så kjem også flytteprosessen for kunst og design. Det er også ein veldig krevjande ting som har store implikasjonar for både dei tilsette og studentane.

– Svært motivert

Thorsen ser fram til å ta fatt på jobben frå august. 

– Eg er i likskap med dei to mearbeidarane mine veldig motivert for dette. Det å stilla til val er ikkje eit plutseleg innfall, men ei sak som har modna hjå meg, og noko eg har fått gradvis sterkare motivasjon for å gjera. Det kjem av at eg har delteke i sonderingane om fusjon i eit veldig tidlig stadium, og delteke i styringsgruppa for sjølve etableringa.

– Eg føler eg har ein god bakgrunn for å følga denne saka vidare. Eg har også sett positiv energi, og mykje fagleg entusiasme rundt fakultetsetableringa. Det har eg framleis stor tru på at me skal få mykje ut av.  

I mangel på fleire enn éin kandidat blir det ikkje avvikla val på fakultet. Det avtroppande fakultetstyret (interimstyret) ved KMD skal velja dekan på styremøte 16. juni. Thorsen må få over halvparten av stemmene for å bli vald. 

Powered by Labrador CMS