Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fakultet for kunst, musikk og design ønsker å velja dekan frå eigne rekker.
Med åtte mot tre stemmer vedtok interimstyret ved KMD nyleg at dei ønsker ein vald leiingsmodell ved fakultetet.
Då det nye fakultetet var oppretta vart det danna eit interimstyre, med ein interimdekan. Universitetstyret lot det vera opp til fakultet sjølv å bestemma endeleg leiingsmodell.
Ein høyringsrunde hjå dei tre institutta på fakultetet viste at dei alle var for ein vald modell - noko interimstyret lytta til.
Les også: Sejersted stiller som dekan på HF
– I den prosessen me er inne i no med omlegginga, og med eit nybygg som me skal flytta inn i, så ser eg at me er tent med ein valprosess. Det er også noko med at då er det fakultetet som har styringa. Viss det er ein tilsett så er det universitetsleiinga som vel, seier styremedlem Petter Bergerud, og professor ved Institutt for design til På Høyden.
Interimstyret vedtok også at fakultetstyret skal ha 11 medlemmar, og instituttsttyra ni.
Det kom inn ønske frå to av institutta om moglegheita for å velja inn eksterne kandidatar som dekan. Dette er noko den tidlegare Kunst- og designhøgskolen har praktisert når dei har valt rektor.
Dette vart ikkje vedtatt av styret. Det krev ei endring i valreglementet frå Universitetsstyret for å få til ei slik ordning.
– Me ønsker å gå inn i rutinane som er på UiB, slik at me vel vår dekan på same tidspunkt som dei andre fakulteta. Då vil det ta for langt til å få gjennom ei regelendring fekk me beskjed om frå administrasjonen, seier Bergerud.
Han seier små miljø er bakgrunnen for dette ønsket.
– Me er det desidert minste fakultetet ved UiB. Med små miljø er også det å ha tilgang til eksterne viktig, om det skulle vera ønskeleg, seier Bergerud.
Les også: Fire vil bli dekan på MOF og Mat.-nat.
Ønske om ei eventuell endring i valreglementet vil måtta bli tatt opp av det nye fakultetstyret.
Valstyret ved KMD har ikkje fastsett tidspunkt for val, eller frist for å senda inn forslag til dekankandidatar. Det vil bli gjort i løpet av denne veka får På Høyden opplyst. Interimperioden ved fakultetet går ut 31. juli.
Universitetsstyret skal formelt vedta leiingsmodellen.
Det har ikkje lukkast På Høyden å få kontakt med Interimdekan Gerd Tinglum.