Margareth Hagen er dekan ved HF og tar over som prorektor for forsking i august. Ho meiner det er nok av dyktige kvinner som kan fylla dekanrollene ved universitetet.

– Teiknar eit feil bilde av institusjonen

Publisert

Så langt er det berre éi kvinne som stiller til dekanval ved UiB. – At så få kvinner stiller som kandidat, teiknar eit feil bilde av kva institusjonen er, seier noverande dekan på HF Margareth Hagen. 

Dei komande månadane er det klart for val og tilsetting av dekanar på alle fakulteta ved UiB for ein ny fireårsperiode. 

Så langt er det ni kandidatar til seks stillingar. Berre éi av dei er kvinne. 

Til saman skal det vera sju dekanar ved UiB. Men Fakultet for kunst, musikk og design har ikkje bestemt når valet skal vera endå, og kven som stiller til dekanval der er uklart, sjølv om det er venta at interimdekan Gerd Tinglum vil melda seg som kandidat. 

Les også: Sejersted stiller som dekan på HF

– Me treng kjønnsbalanse

Uansett utfall vil det ikkje bli fleire enn to kvinnelege dekanar ved UiB dei komande fire åra.

Dekan på HF og påtroppande prorektor for forsking ved UiB, Margareth Hagen, synest det er leit.

– Det er gode mannlege kandidatar som stiller, og det er ikkje til forkleinelse til dei. Men eg synest det er veldig synd at vi får så få kvinnelege kandidatar til dekanstillingane. No er eg dekan sjølv. Det er ein krevjande og spennande jobb, og me treng kjønnsbalanse i leiarstillingane.

Ho meiner det er meir enn nok kvinnelege kandidatar på UiB å ta av. 

– Det er veldig rart. Sånn som eg kjenner dei kvinneleg kollegaane mine på UiB, så er det mange sterke og svært kompetente kvinner, som ville klart dekanrolla fint, seier Hagen.

– Eg trur ikkje det er spesielt for kulturen ved UiB. UiB speglar samfunnet og denne type organisasjonar. Det er ingen grunn til at det skal vera så skeivfordelt her.

– For arbeidskrevjande

Fungerande hovudtillitsvald i Forskarforbundet ved UiB, Kjell Erik Lommerud, trur heller at det er eit problem at få stiller i det heile tatt enn at kvinndelen er låg. 

– Noko av problemet er at universitetsleiinga har vorte skikkeleg arbeidskrevjande. Arbeidsdagen kan fort verta på tolv timar om du tek med passeleg interessante middagar og representasjon. Dagen er bunden opp på ein annan måte enn for ein fagleg tilsett som brukar mykje tid på faget sitt. Det gjer at det vert tungt å få folk til å stilla.

Det betyr at dekanrolla ofte ikkje blir aktuell før ein er eldre, meiner Lommerud (bildet). 

– Når du er rundt 60, er borna ofte i 20-åra, og du har kanskje fått gjort det du ønsker fagleg. I mange fag er det heilt umogleg å koma tilbake fagleg etter to periodar som dekan, og ein sekstiåring vil etter åtte år ha kort tid igjen til pensjonering. Ein ser òg at nesten alle som i år prøver å verta dekan er rundt 60, og legg til:

– Den låge kvinnedelen trur eg heng tett saman med at i denne generasjonen var det få kvinnelege professorar. Det finst sjølvsagt fleire gode kvinnelege dekankandidatar i 40-åra rundt omkring, men eg skjønner godt at dei ynskjer å satsa fagleg i staden. Tida deira kjem.

Hagen, som sjølv gjekk inn i dekanrolla då ho var i 40-åra, ser poenget til Lommerud. Men meiner det ikkje er så enkelt. 

– Lommerud set fingeren på noko viktig her. Dekanjobben betyr at ein må setta eigne faglege ambisjonar til side i fleire år, noko som får konsekvensar for eiga fagleg utvikling. Har du store faglege ambisjonar og forskingsprosjekt, og er i 40-50-åra, slik mange av dei kvinnelege kollegaene mine har, skjønner eg at dette kan vera eit vanskeleg val. Men samstundes er dekanjobben veldig interessant og gjevande, og legg til:

– Han opnar for ei brei innsikt i forskings- og undervisingsmiljøa. Det er ein styrke å ha med seg når ein går tilbake til forskinga etter end periode. Det stemmer at dette er tidkrevande jobbar, men det er fullt mogleg å ha eit privatliv, katt og ein ungeflokk sjølv om du er dekan. Dekanen er ikkje den einaste som representerer fakultetet, difor er det ikkje naudsynt å gå i alle middagane sjølv. Prodekanene må òg få mat, seier Hagen med eit smil. 

Les også: Fire vil bli dekan på MOF og Mat.-nat.

– Ein konsekvens av valordninga

Rektor Dag Rune Olsen meiner det er uheldig men den låge kvinnedelen. 

– Det er utfordrande viss me endar opp med svært dårleg kjønnsbalanse i leiargruppa som jo dekanane utgjer. Det er fordi me meiner også at mangfald når det gjeld kjønn i leiarstillingar er viktig. Ein bidreg annleis til leiargruppa. Men så er det slik at det er ein konsekvens av at me vel individuelt og enkeltvis. Det er vanskeleg å sjå for seg nokre føringar eller mekanismar som kan sikra kjønnsbalanse når me har denne type valmekanismar, seier Olsen (bildet).

– Vil de gjera noko for å auka kvinnedelen inn mot neste periode?

– Me kan ha haldningsarbeid, og oppmoda kvinner til å stilla. Men me kan også danna søkarkomitear, som aktivt søker etter to, tre kandidatar, og som snakkar med kandidatane og sørger for at ein får fleire som stiller, og at det er kjønnbalanse i det heile også. Det er noko me eventuelt må ta opp i styret for å få til, seier Olsen.

– Det er heilt klart at me i rektoratet må jobba for å få ein betre kjønnsbalanse i neste runde, seier Margareth Hagen.

Fleire kvinner på psykologi

Professor Bente Wold stiller som motkandidat til sittande dekan Jarle Eid på Det psykologiske fakultet, og er så langt den einaste kvinnelege dekankandidaten. Ho er heller ikkje fornøgd med å eventuelt berre kunne få éin eller ingen kvinnlege kollegaar i dekangruppa.  

– Eg tenker at det er negativt. Ein bør streba etter å prøva å få til ein balanse. Det er noko me i vårt eige miljø har jobba for, og tenkt på lenge. Me har tenkt på korleis me kan rekruttera mannlege studentar og mannlege vitskaplege tilsette, seier Wold (bildet).

 Sjølv har dei opplevd motsett problemstilling - i eit fagfelt som blir stadig meir kvinnedominert.

– På vårt fakultet har det eigentleg vore relativt attraktivt også for kvinner og stilla til sånne verv, og også naturleg. Me har hatt fleire kvinnelege dekanar tidlegare. For meg er det ikkje så godt å seia kva som er tilfelle på andre fakultet. Men eg ser også at det er vanleg at det er menn som er instituttleiarar på vårt fakultet. På mitt eige institutt - HEMIL, er det berre kvinnelege tilsette – så det er ingen menn å velja til instituttleiar. Men når vår siste instituttleiar slutta, sat han som mannleg leiar for berre kvinner. 

– Vanskeleg å kombinera familie og leiarrolle 

Wold trur Lommerud sine tankar om at ei dekanrolle kan bli for hektisk for mange før dei har store born, stemmer. 

– Det som ser ut til å vera tilfelle er at kvinner i større grad vegrer seg for å ta leiaroppdrag, det gjeld generelt i næringslivet elles også. Ei av årsakene kan vera at kvinner føler meir for å ta ansvar heime, og tenker at ei leiarstillinga vil gjera det vanskelegare å stilla opp slik som ein vil på heimearenaen. Det er nok ein mogleg situasjon her også.

Sjølv var ho prodekan for forsking på fakultetet fram til 2001. Ho blei spurd om å halda fram, og var også innom tanken på å stilla til val som dekan. Men ho fann ut at det vart for vanskeleg.

– Eg hadde fire småborn heime då. Mi vurdering den gongen var at det ikkje gjekk heilt i hop. Eg rakk ikkje å både ta meg av familien og vera tilgjengeleg til ei kvar tid. Det fann eg ut gjennom prodekanrolla, at det vart for krevjande. No har eg ikkje småborn lenger, min private situasjon har endra seg, og eg er mykje meir fleksibel.

– Kva med tilsett dekan – kan det vera vegen å gå for å få opp kvinnedelen?

– Nei eg meiner det er for mange negative ting ved ei slik ordning. For universitetsdemokratiet si skuld, meiner eg ein bør velja dekanane frå eigne rekker, seier Wold. 

Les også: Strandbakken stiller ikke til dekanvalg på jus-fakultetet

Powered by Labrador CMS