Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ønsker å peika ut eigen visedekan for profesjonsutdanninga i psykologi.
Professor ved Institutt for samfunnspsykologi, Jarle Eid, har tildlegare signalisert at han kunne tenka seg ein periode til som dekan på Det psykologiske fakultet, og no er det altså klart at han stiller til ein tredje periode.
– Eg har tenkt slik at det er så mykje som skjer på fakultetet og i heile sektoren, at det å ha med seg nokon med historikk og erfaringar frå ein tidlegare dekanperiode vil vera viktig, seier Eid til På Høyden.
Frå før eg det kjent at professor ved Hemil-senteret, Bente Wold, også stiller til dekanval.
Eid stiller til val saman med Åsa Hammar som prodekan-kandidat for forsking. Ho er professor ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi.
– Det me har til felles er fokus på studentane. Det er heile basen for vår verksemd, som Jarle seier. Flinke studentar, gode studenttilbod og høg studiepoengproduksjon gjev solid økonomi, som igjen gjer at ein kan tilsetta meir forskingskraft på fast basis. Me skal halda fram med den gode satsinga på forsking, seier Hammar.
Med seg har dei to førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk, Helene Kjærgård Eide, som vil bli prodekan for utdanning.
Noverande prodekan for forsking, Inger Hilde Nordhus, og visedekan for utdanning, Kariane Westrheim, ønska ikkje å bli med vidare inn i ein ny periode.
– Dei har gode grunnar for å gå litt tilbake til eigen forsking. Det har med kor dei er i sine karriereløp, seier Eid.
I tillegg til ein prodekan for forsking og ein prodekan for utdanning vil teamet til Eid bestå av ein dedikert visedekan med ansvar for profesjonsutdanninga i psykologi.
Profesjonsutdanninga av psykologar er delt mellom tre institutt, og Eid seier dei ønsker å styrka oppfølginga av dette programmet. Modellen har dei henta frå medisin, der ein har ein visedekan med særleg ansvar for utdanninga av medisinarar.
– Profesjonsutdanings i psykologi er eit integrert seksårig studium, og det er stor merksemd rundt utdanning av psykologar i forhold til kommunesatsing. Det er eit viktig felt, og difor vil me ha ein person som berre er ansvarleg for den utdanninga, seier Eid.
Dekan-teamet har ikkje utarbeida ei endeleg valplattform endå, men er i gong med arbeidet.
Diskusjonen rundt ei mogleg flyttinga av Insitutt for klinisk psykologi til helseklynga har skapt uro på fakultetet, men Eid er klar på at prosessen har vore demokratisk.
– Me har hatt diskusjonar om fleire ting, og eg er glad for at me kan ha gode og inngåande drøftingar om viktige vegval. Når det gjeldt diskusjonen rundt helsecampusen, så er mitt mandat som dekan grunna i dei vegvala og prioriteringar som universitetsstyret og fakultetstyret har vedteke. Fakultetsstyret er vårt øvste demokratiske styringsorgan og medlemmane er valde blant tilsette og studentar. Dei er ei sentral del av vårt universitetsdemokrati. Helsecampus er ei sak det har vore viktig å bruke god tid på, som fakultetstyret har drøfta i fleire omgangar, seier Eid.
Les også: Viktig med bred involvering i helseklyngen
– Så langt er det eit lag til som har kasta seg inn i valkampen. Bente Wold stiller, på oppmoding frå fleire tilsette ved fakultetet. Korleis tolkar du det?
– Det er positivt at nokon vil stilla og presentere eit anna program. Fakultetet har heilt sidan stiftinge i 1980 hatt ein ordning med valgt dekan og viss vi meinar alvor med valt leiing så er det gjerne på tide at det no vert eit val om me skal ha ei slik ordning. Me ønsker at det skal vera ein valkamp som er på sak, at me får gode saklege diskusjonar rundt tiltak, saker og idear. Bente og teamet hennar er gode kollegaer. Så det er ikkje noko personmotsetting der.
Han er likevel spent på kva for endringar det andre teamet vil koma med.
– Eg lurar på kva det andre programmet skal vera, og er mest spent på kva det andre dekanlaget som stiller til val meiner om helsecampus. Det er noko som rører alle institutta.
For Eid er det ikkje tvil om kva han meiner om konseptet.
– Det eg tenker er at universitetet sine klyngesatsingar er eit godt og framtidsretta grep av rektoratet. Kunnskapsklyngene kan skape meir tverrfagleg samhandling og trekka saman ulike fagmiljø på ein ny måte. Det gjeld både klyngane på klima og energiomstilling og marin, eg heier på det. Helseklynga er saman med satsninga på globale samfunnsutfordringar dei klyngane som ligg nærast vårt fakultet. Me ønsker å vera tydelege på at deltakinga i helseklynga vil bli ei god løysing for vårt fakultet.
– Det har vore ein del misnøye frå studentane opp i gjennom. Korleis vil du gå dei i møte?
– Eg tenker der er positivt viss studentar seier at det er ting dei vil ha annleis. Korleis skal me få forandring og forbetring viss dei ikkje hadde sagt noko, seier Eid. Eit eksempel er at studentane i mange år og med rette klaga over dårleg dekning av studentarbeidsplassar og manglane studensosiale møteplassar. Dei nye arbeidsplassane og studentlokala i Christiesgate 12 er eit godt døme på at naudsynte studentklagar førar fram, meiner Eid.
Prodekan for utdanning-kandidat, Helene Kjærgård Eide, seier ho vil gjera sitt for å lytta til studentane, og møta dei på dei arenaane som er naturlege.
– Eg vil presisera at fakultetet har ei ganske samansett studentgruppe. Misnøye er ofte knytt til eit spesifikt program, profesjonsutdanninga i psykologi. Me har også mange studentar som seier dei er veldig fornøgde med fakultetet. Det er viktig å få fram. Eg tenker også at sterkare studentinvolvering i utvikling av studentkvalitet er viktig. Ikkje berre gjennom evaluering, men ved at dei får vera med å utforma gode kvalitetsløysingar i utviklinga av studieprogram.
Fristen for å fremja kandidatar til dekan og prodekan ved Det psykologiske fakultet er 06. april. Valet blir heldt elektronisk 06. - 15. mai.