– Dekanvalet i skuggen

Publisert

Rekordstort engasjement prega rektorvalet, men val på dekanar skjer i det stille. – Eg har inntrykk av at det er reint byråkratisk, seier professor Per Buvik.

Valet på ny rektor og prorektor ved UiB vart velsigna med presentasjonar, møter og spaltemeter med debattinnlegg. No skal dei øvste leiarane for fakulteta veljast, men lite tyder på at det blir ein gnistrande valkamp.

Professor ved Seksjon for allmenn litteraturvitskap, Per Buvik, saknar reelt demokrati på fakultetsnivå. Han synest også det er uheldig at rektor- og dekanval skjer omtrent samstundes.

– Dekanvalet har hamna heilt i skuggen av rektorvalet.

Rein formalitet

Ved fire av sju fakultet kan tilsette og studentar framleis levere inn forslag på kandidatar til dekan og prodekan. På Det samfunnsvitskapelege fakultet (SV) og det Matematisk-naturvitskapeleg fakultet (Mat.Nat) har fristen no gått ut, og begge stader blir valet ein rein formalitet, sidan berre eitt kandidatpar (dekan og prodekan skal veljast samla) stiller til val. Fakultetsstyret vil dermed stå for den formelle utpeikinga av dekanparet på desse fakulteta.

Ved Det historisk-filosofiske fakultet (HF) gjekk forslagsfristen ut 5. april, og to kandidatpar stiller til val. Buvik synest likevel ikkje dette vitnar om demokratisk velstand.

– I dag er det i stor grad opp til den enkelte dekan å definere si eiga rolle. Men kvifor stiller då kandidatane ikkje med eit valprogram? På kva grunnlag skal vi velje dekanane, kva syn har dei på ulike saker? Eg har inntrykk av at dekanvalet er ein reint byråkratisk-administrativ prosess, seier Buvik.

Litteraturprofessoren meiner ein like gjerne kunne tilsett dekanen, slik valet går føre seg no.


Vedtok val på dekanar

I fjor var eit splitta universitetsstyre nær å gjere vedtak om å avslutte ordninga med valde dekanar og i staden innføre tilsette fakultetsleiarar. Etter ein ekstra høyringsrunde hausten 2004, vart det likevel bestemt at dekanane framleis skal veljast på demokratisk vis av vitskapeleg tilsette og studentar, etter ønskje frå fleirtalet av fakulteta.

– Det eksisterer tydelegvis ikkje noko klar oppfatting av kva ein dekan er og skal gjere, han eller ho blir ikkje valt på eit idémessig grunnlag, og prosessen er i stor grad lukka. Det tyder på at dekanfunksjonen ikkje blir vurdert som viktig, seier Buvik.

Han synest også informasjonen om dekanvalet har vore for dårleg:

– Av cirka 30 tilfeldig utplukka personar på ulike fakultet som eg har spurt har samtlege sagt at dei ikkje har fått tilstrekkeleg informasjon om valprosessen i samband med dekanvalet. Og studentane er dei som kjenner seg aller mest underinformerte.

Til På Høyden opplyser alle fakulteta at informasjon om valet og forslagsfristar har blitt sendt til alle tilsette, samt lagt ut på intranett og studentportalen.


Gjenval på Risa

Ved HF-fakultetet står valet mellom Gunnstein Akselberg som dekan med Astrid Forland som prodekan, og Gjert Kristoffersen som dekan med Torunn Selberg som prodekan. SV-fakultetet kjem til å gjenvelje Alf Erling Risa som dekanus med Ann Nilsen som prodekan. Dekan på Mat. Nat. kjem frå hausten av til å heite Hans Petter Sejrup og prodekan blir Geir Anton Johansen. Ved dei andre fakulteta er det altså framleis mogleg å komme med forslag.

Powered by Labrador CMS