Myndigheitskontakt for UiB, Jon Håkon Øen, er blant deltakarane på UiBs delegasjonsreise til Kina i oktober. Foto: Mona Høvset

Flest frå administrasjon skal på fagleg kinareise

Universitetet inviterte alle fagmiljø til å sende delegatar på fagleg kinareise. 12 av 20 som blir med kjem frå administrasjon og rektorat.

Publisert

I august gjekk invitasjonen ut frå Studieadministrativ avdeling til ni fakultet, Universitetsmuseet og Universitetsbiblioteket. No er deltakarlista klar. Fire av dei ni inviterte einingane sender representantar på turen. 12 av dei 20 som blir med på turen i oktober er frå administrasjon eller rektorat.

Kinasamarbeid

Kina er i ferd med å bli eitt av dei viktigaste samarbeidslanda for norske forskings- og utdanningsinstitusjonar.

I 2016 førte forhandlingar fram til ei normalisering av diplomatiske forhold som opna dørene for både handels- forskingings- og utdanningssamarbeid. Kina boikotta Noreg etter at Liu Xiaobo vart tildelt Nobels fredspris i 2010.

Universitetet i Bergen har som mål å bli det leiande norske universitetet når det gjeld samarbeid med Kina. UiB er det einaste universitetet som har ein eigen handlingsplan for kinasamarbeid.

Dei resterande åtte er fagleg tilsette, to dekanar inkludert. Alle dei faglege som reiser er ekspertar på kinesiske forhold eller er frå før involverte i samarbeid med kinesiske partnarar.

Viserektor for internasjonale relasjonar, Annelin Eriksen, vil ikkje vere med på at dette blir ei mindre fagleg reise enn planlagt.

— Vi har absolutt lykkast, seier Eriksen med tanke på dei påmelde. Ho er sjølv med på turen, og tillegg er Dag Rune Olsen med frå rektoratet.

—Utdanning er fokus

— Fokuset på denne turen er utdanningssamarbeid og mobilitet. Det er viktig at administrasjonen er orientert om kinesiske forhold og dei ein skal samarbeide med, gjennom å sjå og møte studiestadene studentane reiser til. Kunnskapen må også byggast administrativt, det er dei administrative som skal forvalte avtalane over tid, seier Eriksen.

Blant dei administrative på turen er tre frå Forskings- og innovasjonsavdelinga, to frå Juridisk fakultet, ein frå Det humanistiske fakultet, ein frå økonomiavdelinga og ein frå Studieavdelinga (Studieadmistrativ avdeling). I tillegg er myndighetskontakt Jon Håkon Øen på deltakarlista.

Eriksen meiner det er ei god blanding fagleg og administrative på turen.

— Dei faglege som er med og som har erfaring i Kina kan gi drahjelp når vi tek sikte på å utvide studentutvekslinga.

Peking-avtale

Viserektoren peikar på at det er stor interesse for å studere i Kina. Ved Fudan-universitetet i Shanghai ønskte opp mot 20 studentar plass i fjor – til to tilgjengelege plassar. Eit mål med turen er også å signere ein eksklusiv avtale med det høgt rangerte Peking universitet.

— Peking har frå før ingen sentral avtale med noko norsk universitet. Dei signerer med UiB som det første og einaste, og satsar strategisk på å knyte seg til eitt norsk universitet. Det er ein gyllen sjanse for å bygge eit tilbod til våre studentar, seier Eriksen.

På signeringsplanen står også avtalen mellom Norsk marint konsortium, som UiB leier, og det tilsvarande konsortiet på kinesisk side. Med dette håpar UiB å utvikle norsk havsamarbeid med Kina, der UiB alt har vore tungt etablert i 15 år, særleg gjennom Nansen Zhu-senteret i Beijing. UiB set også i gang samarbeid med Ocean University China

Ingen frå SV, KMD og Psykologisk

Ingen verken frå Samfunnsvitskapeleg fakultet, Fakultet for kunst, musikk og design eller Psykologisk fakultet sender nokon med på turen.

— Men det betyr ikkje at det ikkje er aktivitet der. Når det gjeld KMD prioriterer dei ei delegasjonsreise med Bergen Filharmoniske orkester i 2020, seier ho.

Jon Håkon Øen, som er myndighetskontakt for UiB, skal ha møte med den norske ambassaden og delta på ein to dagars høgnivå konferanse om berekraft, med både utanriksministrar og FN representert.

— Utover det skal eg snakke med folk, knyte kontakter, seier Øen.

Delegasjonen skal gjennomføre offisielt program i Kina frå 21.-25. oktober. På programmet står mellom anna møter på Shanghai Jiao Tong-universitetet, Universitet i Fudan, Remin og avtalesignering i Peking.

DESSE ER MED I DELEGASJONEN:

Rektoratet:

Dag Rune Olsen og viserektor Annelin Eriksen

Universitetsdirektørens kontor:

Myndighetskontakt Jon Håkon Øen

Økonomiavdelinga:

Økonomiansvarlig for Nordic Centre Fung Yee Wong

Forsking- og innovasjonsavdelinga:

Hans Egil Offerdal (seniorrådgivar), Kristin Svartveit (seniorrådgivar), Benedicte Løseth (avdelingsdirektør FIA)

Studieavdelinga:

Nedelina Naydenova (rådgivar), Kjartan Melheim (rådgivar)

Norwegian China Law Centre (NCLC)/Det juridiske fakultet:

Professor Bjørnar Borvik, Maria Holme Lidal (rådgivar)

Det humanistiske fakultet:

Professor Camilla Brautaset, Professor Shouhui Zhao

Det matematisk-naturvitskapelege fakultet:

Professor Atle Rotevatn, Postdok. Zhiyuan Ge., marin dekan Nils Gunnar Kvamstø, Iselin Torland Tjensvold (studiekonsulent), Susanna Pakkasmaa (rådgivar)

Det medisinske fakultet:

Dekan Per Bakke, professor Rolf Bjerkvik

Powered by Labrador CMS