Deler ikkje LLE

Publisert

Denne veka gjorde fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet formelt sett vedtaket: Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium skal ikkje delast.

– Me vidarefører dagens struktur og vil løysa problema ved LLE utan å gå til det radikale grepet å dela instituttet, sa dekan Gjert Kristoffersen då fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet hadde møte denne veka.

Saka om instituttstrukturen ved HF har vore diskutert sidan februar, då saka kom opp i fakultetsstyret for første gong. Ei tilbakemelding viste at dei andre institutta var nøgde med situasjonen etter samanslåinga i 2007, men tilbakemeldinga frå LLE var at instituttet var for stort og mangfaldig.

Ser til MOF
Kristoffersen viste til at instituttet sjølv har gripe tak i saka og både arrangert allmøte og ei spørjeundersøking. Som På Høyden tidlegare har skrive, viste undersøkinga eit klart fleirtal for å ikkje splitta instituttet.

– Oppslutnaden var ikkje spesielt høg. Men det er grunn til å tru at dei som ønska å dela instituttet ville ha engasjert seg, sa Kristoffersen.

Han sa at fakultets- og instituttleiinga har arbeidd saman for å finna ei løysing. Noko av det som er gjort, er å få inn personar frå personalavdelinga som har vore involvert i omlegginga av Det medisinsk-odontologiske fakultetet. Der har òg institutt vorte slegne saman.

– Der har ein mellom anna fått gruppeleiarar for dei ulike faga. Eg er ikkje heilt sikker på om det er rett å ha det for LLE, for på LLE er det mange små fag, sa Kristoffersen.

Skryt frå dekanen
Dekanen ga skryt til instituttleiinga ved LLE.

– Dei har gjort ein veldig god jobb, og skal ha all ros.

Gisle Selnes, som representerer nettopp LLE i fakultetsstyret, var nøgd med vedtaket.

– Eg er nøgd med måten saka er behandla på. Prosessen er komen på rett spor, sa han.

Får bestemma sjølve
Fakultetsstyret gjorde òg eit anna vedtak som heng saman med vedtaket om instituttstruktur. Noko av det som vart peika på i LLE si tilbakemelding, var at det er så mange fag ved instituttet at ikkje alle får plass i instituttrådet. Det same er problemet ved Institutt for framandspråk.

I dag er regelen at instituttrådet ikkje skal ha meir enn 11 medlemmer. No vedtok fakultetsstyret at dei ulike institutta sjølve får bestemma om alle faga skal vera representert frå gruppe A, som er fast vitskapeleg tilsette.

Powered by Labrador CMS