Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Siri Vatsø Haugum forskar på kva som eigentleg skjer i naturen når det plutseleg blir tørt. Målet er å finne ut korleis vi kan forme det gamle kulturlandskapet på kysten slik at det vil halde fram med å levere økosystemtenester som karbonlagring og mat i eit meir ustabilt klima.
Onsdag kveld gjekk ho sigrande ut av delfinalen i Forskar Grand Prix i Bergen Klimaet, i konkurranse med ni andre.
I eit villare klima får vi meir av alt – flaum, tørke, orkanar, heitebølgjer og sprengkulde. Lange periodar med varmt og tørt vêr på Vestlandet kan kjennast behageleg, men for naturen er det faktisk ekstremvêr. Berre i 2018 delte staten ut meir enn 1,6 milliardar kroner i erstatting for avlingssvikt, og det vart registrert meir enn 2000 villbrannar.
Menneska har forma landskapet rundt byar og bygder i mange hundre år, men mange av dei største endringane har kome dei siste tiåra. Korleis landskapet rundt oss ser ut har faktisk mykje å seie for korleis naturen har det og kva tenester den kan gjere for oss, heiter det i omtalen av finalisten Vatsø Haugum.
Didrik Hjertaker Grevskott forskar på bakteriene i skjel. Antibiotikaresistente bakteriar er ein av de største helseutfordringane vi har. I dag veit vi for lite om korleis slike bakterier spreier og utviklar seg i miljøet, inkludert havet, seier omtalen om Hjertaker Grevskott.
Førstkommande laurdag går finalen i Forskar Grand Prix av stabelen i Stavanger.