Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det blir rift om plassane i interimstyret til den nye stor-høgskulen på Vestlandet.
Allereie onsdag 24. august er valet i gang ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, mens det på Høgskolen i Bergen er valstart 25. august. Ved HSH er valet mellom 31. august kl. 0900 og 1. september kl. 1400.
Fem styrerepresentantar og to observatørar skal representere dei tilsette ved dei tre institusjonane i styret, i tillegg til tre studentrepresentantar og fire eksterne styremedlemmer.
Nominasjonsfristen for styrekandidatar gjekk ut torsdag i førre veke. Ved HiB, HSH og HiSF har 18 kandidatar stilt til val frå undervisnings- og forskarpersonalet, mens 12 personar frå dei tre institusjonane vil representere dei teknisk-administrativt tilsette.
Styret skal ha tilsaman 13 medlemmer. Av dei blir 5 eksterne, inkludert styreleiar. Ved dette valet er HiB, HiSF og HSH eigne valkrinsar. HiB får fire representantar: 2 faglege, 1 teknisk-administrativ og 1 student. HiSF og HSH får kvar 1 vitskapleg og 1 student, samt 1 teknisk-administrativ representant med observatørstatus i styret.
Interimstyret blir heilt avgjerande for framtida til den nye høgskulen, så dei skal sitje heilt fram til 31. juli 2019.
Ved HiB blir det eit møte med presentasjon av kandidatane tysdag 23. august kl. 1430 i Mimes brønn. Ved HiSF er kandidatane presentert på intranettsidene til institusjonen. Vala vil skje elektronisk.
Dette er kandidatane ved HiB:
Faglege:
Teknisk-administrative:
Dette er kandidatane ved HiSF:
Faglege:
Teknisk-administrative:
Dette er kandidatane ved HSH:
Faglege:
Teknisk-administrative: