Demokrati i Hubro

Publisert

Siste nummer av Hubro kjem ut i desse dagar, og har denne gongen demokrati som tema.

Demokratiforskinga ved UiB spenner vidt, og det er fleire spennande prosjekt i gang og i emning. Blant anna leier Jostein Gripsrud ei gruppe av internasjonale forskarar som søkjer om å bli eit ”Network of Exellence” under Citizens and Governance-prosjektet i EUs sjette rammeprogram. Dei vil mellom anna fokusere på kva rolle kulturlivet spela i overgangen til demokrati i Aust- og Sør-Europa. Demokrati-diskusjonen i EU, og forsking på demokratiutviklinga i Afrika vert også omtala i Hubro. I tillegg er det stoff frå fjorårets Nils Klim-prisvinnar Klas de Vreese sin konferanse ”Ja eller nei. Folkeavstemningens dynamikk” i København i sommar.

Hubro har også vore med UiB-forskarar til Tibet for å fortelja om det tette samarbeidet universitetet i ei årrekkje har hatt med Tibet University om forsking, forskarutveksling og -utdanning i regionen på verdas tak. Ingen andre universitet i verda er så tungt inne som UiB i dette området, og professor emeritus Yngvar Gjessing er ein av spydspissane i samarbeidet.
I spalten ”I mosen” spør me om – og får svar på – kva koma er, og me går nært inn på Bio Deep sitt tokt utanfor Jan Mayen i sommar. Kronikken denne gongen er signert Birger Angvik, om spanske språk i verda og i norske skular.

Powered by Labrador CMS